Disiplinleiar/Chief Engineer - Avdeling Maskin og Rør
Ulstein Verft AS
- Frist 31.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Disiplinleiar/Chief Engineer - Avdeling Maskin og Rør
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet.
Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging. Du vert ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er ein viktig del av prosjektgjennomføringa hos oss. Du vil få ein innhaldsrik og variert kvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fleire område i vår organisasjon.
Stillinga omfattar sjølvstendig arbeid og har ansvar for fagfeltet Piping & Machinery, og koordinering av personell innan aktuelt fagfelt og prosjekt. Om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søke. Intervju vert gjennomført fortløpande.
Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?
Det å arbeide på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som skal løysast, og du jobbar i lag med mange andre dyktige kollegaer.
Oppgåver du vil jobbe med
- At produksjon blir gjort i samsvar med spesifikasjon, på tid og innanfor prosjektet si timeramme
- Koordinere aktivitetar innanfor fagområdet i produksjonen
- I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar eller prosjektleiar ettermarknad med ansvar for koordinering av aktivitetar innanfor fagområde mot produksjonen, teknisk område og innkjøp
- Støtte og delta i ettermarknadsarbeid
- Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta
- Støtte prosessen med ressursallokering til prosjekta
- Oppfølging av bortsett arbeid
- Støtte mot Site Team utland
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Vi ønsker å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne kommunisere både på norsk og engelsk, og det er svært nyttig å ha god systemforståing.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på ein variert jobb, gode kollega og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette.I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller ski. Og Ålesund er ikkje langt unna.Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Produksjon, Produktledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Skipsbygging, Skipsverft, Fagansvarleg, Maskinist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 357889175
- Sist endret