Inaktiv
Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia
Vang Kommune
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia
Korttid og heimesjukepleia har frå 1.september 2024 ledig fast stilling for sjukepleiar. Vi tilbyr gode lønsvilkår (10 års tilleggsansiennitet) og flyttegodtgjering!
Vi tilbyr bla:
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar, og 10 års tilleggsansiennitet.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- For fast stilling tilbyr kommunen flyttegodtgjering ved flytting til Vang kommune (kompensasjon av faktiske flytteutgifter inntil gitt sum)
Arbeidsoppgåver:
- Utøve sjukepleie i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Planlegge arbeidet i området og fordele arbeidsoppgåver i tråd med den einskilde medarbeidar si kompetanse
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Planlegge, igangsette og tilpasse tenestar ut i frå den einskilde brukers behov
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Dokumentere i fagsystemet Profil, journalansvar for pasientar i gitt område
- Utføre naudsynt sakshandsaming og kartlegging av søknader til tenestar innan fagområde og legge dette fram for vedtaksmyndighet
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde, og delta i fagleg utviklingsarbeid
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Solid fagkunnskap i sjukepleie
- Relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
- Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha interesse for eldreomsorg og ønske om å bidra i fagutvikling
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Anna informasjon:
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
Om arbeidsgiveren
Vang kommune som arbeidsgjevar:
Å bu i Vang kommune:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleie, Sykepleier, Sjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 357994896
- Sist endret