Gruveingeniør
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 7.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Mileraleventyret på Engebø treng ein gruveingeniør til på teamet! Er det deg?
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Så vår meget erfarne og dyktige Gruveleiar, Christopher John Power, har difor behov for fleire på teamet sitt. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineral. Produkta vil i hovudsak bli eksportert. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil kreve omlag 100 tilsette.
Stillinga er retta mot gruvedrift, men er variert og du vil få både tekniske, praktiske og teoretiske utfordringar å bryne deg på. Du må like å bevege deg ute, samt ikkje vere redd for å ta i eit tak, og må like å sjå etter løysingar og forbetringar. Du vil jobbe i team med fleire andre ingeniørar og geologar.
Arbeidsoppgåver vert blant anna:
- Dagleg oppfølging av produksjon/utvikling i dagbrotet og gråbergsdeponiet
- Bistå med gruveplanlegging og følgje opp gruveplanar med entreprenørar.
- Overvake geoteknisk stabilitet i dagbrotet
- Utføre og bistå med geotekniske målingar
- Følge opp med kartlegginga og utføre undersøkingar der det trengs.
- Avstemming av volum i dagbrotet
- Bistå med å optimalisere prosessar i gruveområdet. Inkludert sprenging og utstyrsoptimalisering
- Bistå til maksimalisering av produktivitet, samtidig som ein minimera miljøpåverkingar og sikra at vi overheld sikkerheitsforskrifter
Ønska kvalifikasjonar:
- Bachelorgrad eller ingeniør utdanning innan gruve / geoteknikk / geovietnskap eller eit beslekta felt.
- Sterke analytiske og problemløysande ferdigheiter.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Høgt fokus på sikkerheitsmentalitet
- Sterke datakunnskapar
- Førarkort klasse B
- Erfaring med 3D-design og programvare som Deswik Suite, AutoCad,ol.
- Erfaring frå gruveindustri
Om du er ung, gammal, mann, kvinne, nyutdanna, eller kvar du er i frå spelar ingen rolle! Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for nytenking, utvikling og kvalitet i vårt arbeid.
Arbeidstida er dagtid på Engebø i splitter nye kontor, laboratorie og produksjonslokaler!
Vi opptrer profesjonelt, og er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal vere av dei beste på å utvikle leiarane våre, og har fokus på balansen mellom jobb og fritid.
Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du ønsker å prioritere.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, der alle startar med blanke ark. Vi er for tida ein gjeng på 30 tilsette frå 4 forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du har interesse for faget ditt og har ønske om å utvikle deg!
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?
Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Engebø, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Ingeniør, Produksjon
Nøkkelord
nordic mining, mineral, gruve, bergmekanikk, mining
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 358028165
- Sist endret