Styrar Gjernes barnehage
Voss herad Barnehage
- Frist 27.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Spennande styrarstilling
Det er ledig 100 % fast stilling som styrar i Gjernes barnehage frå snarast.
Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god barnehage.
Du må stå fram som ein tydeleg leiar og vera god til å samarbeida mot felles mål. Du må vera fleksibel, ha godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver.
Om arbeidsstaden:
Gjernes barnehage er ein to-avdelings barnehage med om lag 32 barn. Gjernes barnehage ligg 2 km frå Voss sentrum og har fine uteområde i og rundt barnehagen. Gjernes barnehage er med i rekomp ordninga med tema: «Alle barn i Gjernes barnehage opplever at dei har eit godt språkmiljø og meistring ved bruk av språk og kommunikasjon med andre». Rekomp er satsingsområde i Gjernes barnehageåret 24/25.
Voss herad har gjennom heilskapleg utviklingsarbeid, og visjonen «Ein god start for alle» fokus på å vera ein lærande arena for sosial kompetanse, språk, leik, meistring og medverknad. Alle barnehagar i heradet arbeider med å skapa eit godt og trygt barnehagemiljø for alle barn.
Voss herad tilbyr:
- Gratis årskort på ski ved Voss resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrste gongs tilsetjing i Voss herad
- Løn etter avtale
- God ordning for etter- og vidareutdanning
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt miljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og i styrargruppa
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- 10 leiardagar kvart år
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Kvalifikasjonar:
- barnehagelærar eller anna relevant høgskuleutdanning.
- erfaring som styrar er ynskjeleg
Me ynskjer deg som:
- er ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats
- er analytisk og jobbar kunnskapsbasert i utvikling av barnehagen
- er modig og handlekraftig, målretta og systematisk
- er fleksibel, har godt humør og trivst i ein travel kvardag med varierte oppgåver
- er god på kommunikasjon, samarbeid og relasjonsbygging
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Styrar har ansvar for:
- at barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk
- pedagogisk-, personal- og administrativ leiing av barnehagen
- å aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- å sikra eit godt barnehage-heim samarbeid og møta føresette med høge forventningar til barnehagen på ein positiv og konstruktiv måte
Me har nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane. Me kan lova ei spennande og utfordrande stilling som gjev rom for fagleg og personleg utvikling.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Voss tinghus, 5700 Voss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnehage / Styrer
Nøkkelord
pedagog, barnehage, leder, styrer
- FINN-kode 358032138
- Sist endret