Fagstilling bioingeniør
Helse Bergen
- Frist 09.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagstilling bioingeniør
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. I tillegg kjem forsking, avansert celleterapuetiske produksjon, og blodberedskap. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søkjer etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Ved avdelinga er det no ledig fast dagstilling som fagbioingeniør. Den faste stillinga er ledig snarast og er knytt opp til Seksjon for komponentframstilling, og Seksjon for immunhematologi. I stillinga som fagbioingeniør vil ein ha varierte og utfordrande arbeidsoppgåver knytt opp mot kvalitetsarbeidet ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Problemløysar innafor sitt fagområde, og eventuelt i samarbeid med andre
- Vere ein pådrivar i dagleg drift av seksjonen og tilhøyrande arbeid
- Opplæring av medarbeidarar og studentar
- Bidra til vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar
- Kvalitetsarbeid knytta til fagområdet, inkludert oppfølging av interne og eksterne kvalitetskontrollar
- Halde seg oppdatert om utviklinga innan sitt spesifikke fagområde
- Forståing for statistisk prosesskontroll vil bli vektlagt
- Blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Du må kunne meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel med minimum to års erfaring frå seksjonen
- Excel er eit verktøy som nyttast og god kjennskap til dette er ein fordel
- Erfaring med opplæring av personell er ein fordel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Evne til og jobbe sjølvstendig, målretta og med fleire arbeidsoppgåver samtidig
- Løysings- og utviklingsorientert
- Systematisk og ryddig
- Evne til raskt å sette seg inn i problemstillingar og vere fleksibel
- Gode kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- Ha evne og ønske om å dele informasjon som er viktig og nyttig for andre på seksjonen
- Ta initiativ og bidra til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen og avdelinga for øvrig
- Høg arbeidsmoral, punktlighet og ansvarsbevissthet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg miljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bioingeniør, fagstilling, Laboratorie, sykehus
- FINN-kode 358046960
- Sist endret