![Fjord1 AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/07/1/356/171/271_153e9904-2194-48d0-99d8-5d338ea2a447.jpg)
![Fjord1 AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/6/vertical-0/21/0/358/138/980_e5f75261-83a7-41bc-8609-87dfdb81e422.jpg)
HR rådgjevar
Fjord1 AS
- Frist 21.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du ein landkrabbe som brenn for rekruttering?
Ein av våre dyktige kollegaer skal ta fatt på nye utfordringar, og vi er derfor på søken etter ein ny kollega som brenn for rekruttering!
Du vil i denne stillingen vere fagleg ansvarleg for Fjord1 sine rekrutteringsprosessar og -retningslinjer, rådgjevar for linjeleiarar og bemanningskoordinatorar, samtidig som du er drivar av rekrutteringsprosessar i administrasjonsdelen av selskapet. Du vil også få ansvar for eit eller fleire andre fagfelt, som til dømes GDPR, pensjon eller forsikring - dette avheng av din kompetanse, erfaring og interesse.
Som HR rådgjevar i Fjord1 vil du inngå i eit team med 6 dedikerte og dyktige tilsette i HR avdelinga vår. Arbeidsmiljøet vårt er prega av høgt tempo, driv og engasjement for både fag og menneske. Avdelinga vår har eit bredt spekter av spennande oppgåver, og hos oss vil du vil ha stor moglegheit til å påvirke og sette dagsorden for heile rederiet. Vi på HR likar å ligge foran og finne løysingar slik at våre leiarar og tilsette, på sjø og land, har verktøya, kompetansen og støtta dei treng til å gjere ein best mogeleg jobb.
Vi ser etter deg som har nokre års arbeidserfaring, og har opparbeida deg erfaring og innsikt innan HR feltet. Som HR rådgjevar i Fjord1 må du ha god fagleg forståing og du vil ha oppgåver på operativt og strategisk nivå.
Er du løysingorientert, tydeleg i kommunikasjonen og god på relasjonsbygging? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Sikre at selskapet når sine målsettingar om fagleg, strukturert og god kvalitetsmessig rekruttering til selskapet
- Fagansvar for, og forvaltar av, prosessar og retningslinjer knytt til rekruttering
- Rådgjevar i saker knytt til rekruttering av sjøtilsette
- Drive rekrutteringsprosessar i administrasjonen i tett samspill med aktuelle leiarar
- Planlegge og delta i markedstiltak retta mot utdanningsinstitusjonar og andre relevante aktørar
- Fagansvar GDPR/pensjon/forsikring
- Bistå i personalsaker og konflikthandtering
- Gjennomføre medarbeiderundersøkingar
- Løpande operative og strategiske HR-oppgåver etter behov
- Noko reiseaktivitet må påreknast i stillinga
Ønska kvalifikasjonar
- Høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompansere for manglande utdanning.
- Relevant arbeidserfaring
- Dine kommunikasjonseigenskapar er svært gode både muntleg og skriftleg
- Norsk og engelsk språk muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ein dyktig releasjonsbyggar
- Du arbeidar sjølvstendig, strukturert og effektiv innan definerte rammer
- Du har evne til å rettleie og motivere andre, og deg sjølv!
- Du evnar å sjå løysingar og moglegheiter
Vi tilbyr
- Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling
- Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar
- Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
Om arbeidsgiveren
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandavegen 15, 6905 Florø
- Bransje: Transport og logistikk, Maritim og offshore, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rekruttering, Bemanning, Bærekraft
- FINN-kode 358138980
- Sist endret
Lignende annonser
![Fjord1 AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/07/1/356/171/271_153e9904-2194-48d0-99d8-5d338ea2a447.jpg)
![Baker Hughes logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/10/2/356/615/372_0a0ff9ab-6409-4634-af37-970fe44756a5.jpg)
![Dressmann logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1668710703/dressmann_logo_red_pms186_6454197142603453437.png)
![Deloitte logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/4/358/135/754_14c8c70d-34d6-4449-aaa3-c387a058dfd8.jpg)
![Nor Tekstil logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/2/358/111/572_f9db03b7-de0a-487b-837e-8051eeb4cd28.png)
![Nille AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/object/372818813/iad_546606385036179131nille.png)
![Ecura Hjemmetjenester og BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/07/7/353/304/747_7134e6f3-8271-489b-85cc-d791af8373e9.png)
![Coast Seafood logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/1/358/107/021_48382587-4fca-44b0-b891-878d42c58c1c.png)
![Steinvik Fiskefarm AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2022/1/vertical-0/14/3/244/776/433_360084389.jpg)
![Vestfjord Bygg AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/29/7/354/928/927_8d058b0d-f7bf-454a-953b-67a14c36e106.jpg)
![Coast Seafood logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/0/358/105/140_984c756d-adae-4276-b0d7-040d8d4bba36.png)