![Agito Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/14/4/357/085/144_49477278-8c90-4e7c-9f99-9cc29c5ecb82.png)
Jordmor
Tysnes kommune
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Jordmor i full, fast stilling
Me søkjer etter jordmor til full, fast stilling – vil du bli med på laget vårt?
Hos oss blir du ein viktig medarbeidar. I tillegg til heilskapleg svangerskapsomsorg, vil du ha arbeid knytt til førebyggande og helsefremjande arbeid i eit heilskapleg perspektiv.
Stillinga ligg til eining helse som er Tysnes legekontor og legevakt. Kommuneoverlege vil vere din nærmaste leiar.
Eininga består av kommuneoverlege og to kommunelegar, samt LIS lege, jordmor, to sjukpeleiarar og ein helsesekretær.
Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale tenester, og evne til samarbeid blir viktig. Like viktig er det at du jobbar godt sjølvstendig, og at du ønskjer å vere sentral i vår faglege satsing og utvikling av førebyggjande og helsefremjande arbeid.
I samarbeid med helsestasjonen og vår nye eining for helsefremjande og førebyggjande tenester, vil du få ein viktig rolle ved helsestasjon for ungdom (HFU) og på Treffstaden, som er ein møteplass for ungdom i kommunen vår.
I rettleiing av gravide og foreldre nytter me foreldrepakken.
No søkjer me etter deg som er jordmor og vil bli ein del av vårt team rundt foreldre, barn og ung i kommunen, i ein fast, 100% stilling.
Arbeidsoppgåver
- Svangerskapsomsorg etter lovverk, rettleiar, fagleg retningsliner og kommunale målsettingar.
- Barselomsorg, ammerettleiing og etterkontroll.
- Planlegge og gjennomføre fødselsførebuande kurs.
- Prevensjonsrettleiing.
- Helsestasjon for ungdom.
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
- Vidareutvikle svangerskapsomsorga saman med andre.
- Koordinator i individuell plan.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ut frå søkjar si kompetanse og kommunen sitt behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som jordmor.
- Erfaring med arbeid i svangerskaps- og barselsomsorg på helsestasjon.
- Erfaring frå føde/barselomsorg i sjukehus er eit føremon, men ikkje eit vilkår.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- God IKT-kompetanse.
- Den som vert tilsett må ha førarkort og moglegheit for å disponera eigen bil.
Aktuell kandidat må framvise gyldig politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonelloven § 20.
Personlege eigenskapar
- God evne til å trygge og førebu foreldre til fødsel og barseltida.
- Evne til empati og profesjonell haldning.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å vere fleksibel og løysingsorientert.
- Jobbe systematisk og strukturert.
- Engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis.
Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- Interessante og spanande utfordringar, og utvikling av tenestetilbodet vårt.
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Stillinga er lønsplassert i kap. 5 og har lokal lønsjustering.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Fleksitid, med vinter- og sommartid.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.
Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.
Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.
Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.
Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Jordmor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jordmor, Forebygging
- FINN-kode 358172758
- Sist endret
Lignende annonser
![Agito Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/14/4/357/085/144_49477278-8c90-4e7c-9f99-9cc29c5ecb82.png)
![Dedicare AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/07/2/356/187/562_6db5b429-2589-42a4-9ecd-8ac8636816bc.png)
![Oslo universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/798225499/sykehus_7637190194870020544.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Dedicare AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-1/28/2/354/760/542_2dcdb51e-833c-4692-aaf1-df4db0017425.png)
![Randstad Care logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/07/9/355/863/849_e5c1cd40-e346-414b-99b8-954444dc31af.png)
![Haraldsplass diakonale sykehus logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/6/357/754/386_8a9185b9-b263-45a2-8a54-a4bf2c70c0d3.jpg)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Dedicare Doctor logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/03/4/355/591/044_dc95b1b4-9f15-4609-be52-be264dc779de.png)
![Vestre Viken logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1379769517/iad_6568247573073867599stream_file.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)