![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Helsesekretær
Helse Bergen
- Frist 10.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Helsesekretær
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ein avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi med tilhøyrande sekretæroppgåver. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljømed mange ulike oppgåver. Vi vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Avdelinga har ledig fast 100% stilling som helsesekretær. Som helsesekretær ved avdelinga vil du ha varierte arbeidsoppgåver, og det blir forventa at ein følger dei retningslinjer som er nedfelt i samband med kvalitetsarbeidet ved avdelinga. Ved Seksjon for blodgiving blir blodgivarar tappa. Blodgiving skal vere ein positiv oppleving i eit trygt miljø. Helsesekretær vil vere ein del av vårt tappepersonell, i samarbeid med sjukepleiar, bioingiør og helsesekretær. Den som blir tilsett vil inngå i gjeldande arbeidsordning.
Arbeidsoppgåver
- Tapping av blodgivarar
- Skrankefunksjon, ta imot blodgivarar
- Gi god omsorg for blodgivarar og eit best mogleg opphald på avdelinga
- Ta del i dei oppgåver som ligg til avdelinga og seksjonen
- Blodprøvetaking
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som helsesekretær/helsefagarbeidar
- Ha gode språkkunnskapar som er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Vi tenker du:
- Trivast i møte med menneske
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, blodgivarar og kollegaer
- Har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Er punktleg og påliteleg
- Er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr deg:
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg utvikling gjennom intern undervising
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Helsesekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsesekretær, laboratorie, sykehus
- FINN-kode 358177089
- Sist endret