![Extra Storebø logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1327281980/iad_2121552250441324711coop_extra_logo.png)
Fast stilling og vikariat som barne- og ungdomsarbeidar ved Storebø skule
Austevoll kommune
- Frist 1.8.2024
- Ansettelsesform Fast
har ledig stilling som
Fast stilling og vikariat som barne- og ungdomsarbeidar ved Storebø skule
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Om stillinga
Storebø skule har to ledige stillingar i 100% som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO.
Eitt vikariat frå 01.08.24 til 31.07.25 og ein fast stilling frå 01.08.24.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Elevassistent i skule og SFO
- Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
- Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde
- Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning
- Erfaring med å jobbe med barn med særskilte behov er ein fordel
- Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattest skal ikkje leggast ved søknaden, men skal visast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi søkjar deg som har evne til å motivere, har eit pedagogisk engasjement og vidare må vår nye kollega:
- Kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver
- Vere omsorgsfull og ha eit positivt elevsyn
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Ha godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt
- Like å vere i fysisk aktivitet ute og inne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spennande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent
- FINN-kode 358702321
- Sist endret
Lignende annonser
![Extra Storebø logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1327281980/iad_2121552250441324711coop_extra_logo.png)
![Austevoll opplæringskontor logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/19/3/357/802/333_ec9b51dd-6207-46e4-bfeb-3c2bf84d046d.png)
![Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/5/360/648/505_ce0c2812-23f1-4aff-8ad9-c67aba5a1b56.jpg)
![ECOsubsea AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/06/0/356/026/910_c69a8ddd-b9cc-4688-98e3-cc58f2385db4.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Remora Robotics AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/0/358/034/750_4d351003-5a8e-42de-9c4a-f50e6f04d158.png)
![Meso AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/0/359/899/770_e54f0d4e-273e-49ca-8298-15e80f4f322e.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/07/2/356/191/112_c6f53f45-b559-414b-9430-9b89eb2620f9.jpg)