Rådgjevar, sekretariat for kontrollutvalet
Bergen kommune
- Frist 12.8.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar
Kontrollutvalet har ansvar for kontroll av heile kommunen på vegner av bystyret, og skal sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Kontrollarbeidet blir utført ved utvalet sine eigne undersøkingar og gjennom revisor sitt arbeid, blant anna rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll. Revisjonstenestene i Bergen kommune er konkurranseutsette. Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative ledd, og har etter kommunelova § 23-7 ei særleg uavhengig stilling i høve til resten av administrasjonen i kommunen.
Sekretariatet har ansvar for å greie ut og skrive saker som blir handsama i kontrollutvalet, og for at utvalet sine vedtak blir sette i verk. Vi har faste møte med leiar og nestleiar i kontrollutvalet, og utfører alle nødvendige oppgåver for utvalet. Sekretariatet må også halde kontakt med revisor og med administrasjonen i kommunen. Vi har kontorfellesskap og støttefunksjonar hos bystyrets kontor.
Oppgåvene og ansvarsområdet til sekretariatet er fagleg utfordrande, varierte og avgjerande for at utvalet skal kunne utøve sin viktige kontrollfunksjon. Gjennom stillinga i sekretariat vil du få ei god oversikt over dei fleste tenestene i Bergen kommune, og bidra til å styrke kvaliteten på desse.
Vi søker no etter ein engasjert og dyktig rådgjevar, til vikariat for medarbeidar som er i permisjon til ca. 15. august 2025.
Arbeidsoppgåver
- Bestilling og oppfølgjing av revisjonsoppdrag i kommunen i samarbeid med eksterne leverandørar
- Skrive saksframlegg til kontrollutvalet og bystyret
- Planlegge og legge til rette for møte i kontrollutvalet. Noko ettermiddags- og kveldsarbeid ved gjennomføring av møte
- Kommunikasjon med byrådsavdelingane og bystyrets kontor i samband med kontroll- og revisjonsarbeid
- Halde kontrollutvalet oppdatert innan relevante fagfelt og syte for nødvendig opplæring
- Medverke til at utvalet får relevante saker til behandling
- Behandle innsynskrav og svare dei som tek kontakt
- Andre oppgåver innan sekretariatet sine ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Vi krev fullført utdanning på minimum bachelornivå, helst innan rettsvitskap, revisjon eller samfunnsvitskap
- Vi krev erfaring frå arbeid med offentleg forvaltning, helst frå relevante fagfelt
- Kunnskap om kommunens ansvar og oppgåver og kommunale politiske prosessar
- Kjennskap til revisjon eller tilsyn er ein fordel, men ikkje eit krav
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskapar
- Svært god skriftleg framstillingsevne på norsk
- Høg integritet
- Samfunnsengasjert
- Gode samarbeidsevner
- Kan jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert
Vi tilbyr
- Svært interessante, varierte og utfordrande arbeidsoppgaver
- Godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for fleksibel arbeidsstad
- God pensjonsordning
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhusgaten 10, 5014 Bergen
- Bransje: Juridiske tjenester, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Kontor og administrasjon, Revisjon og kontroll
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kontroll, jurist, rådgiver, samfunnsviter, saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 358830216
- Sist endret