![Cut'n Go logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/01/8/363/565/938_1e4a4892-d1aa-4978-a919-96d18322fd49.jpg)
![Leirvik AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/6/vertical-0/26/9/358/831/639_d5427d6d-a674-4d17-ac09-6ced8df01699.jpg)
Prosjektleder digitalisering
Leirvik AS
- Frist 16.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleder digitalisering
Er du ein engasjert og dyktig prosjektleiar som ynskjer å ta ansvar for digitaliseringsprosjekt innanfor energi, akvakultur og infrastruktur? Er du lei storby og går med tankar om å flytte heim igjen til vakre Sunnhordland og bidra til lokal utvikling? Då er du kanskje den me leitar etter!
Leirvik AS er ein leiande leverandør av prosjektering, bygging, ombygging og ferdigstilling av små og store prosjekt innanfor desse marknadene. Me er ei innovativ og framtidsretta bedrift som stadig søkjer etter nye løysingar og moglegheiter.
I denne stillinga vil du bli ein del av Leirvik Digital, som driv store delar av bedrifta si innovasjon og teknologiutvikling. Du vil vera ein del av eit sosialt, kompetent og engasjert team som arbeider med å vidareutvikle og forbetre Leirvik AS, og du vil vera ein viktig bidragsytar i utvikling av selskapet sin digitaliseringsstrategi.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for gjennomføring av deler eller alle fasar av digitaliseringsprosjekt frå idémyldring/initiering til gjennomføring og gevinstrealisering
- Digitaliseringsprosjekta vil kunne vera både på bedriftsnivå og på forretningsnivå
- Mogleg involvering i prosjekt/oppgåver innan innovasjon, strategi, verksemdsarkitektur og anna basert på kompetanse og interesse
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (universitets- eller høgskuleutdanning), men relevant praksis kan erstatta formell utdanning
- Erfaring som prosjektleiar innan forbetring/IT/digitalisering
- God digital forståing
- Erfaring med å bygge og leie team
- Fordel med erfaring frå digitalutvikling i meir tradisjonelle organisasjonar
- God forretningsforståing
- God prosessforståing og fordel med erfaring frå kontinuerleg forbetringsarbeid ("lean")
- Må kunne kommunisere godt på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- God formidlingsevne
- God arbeidskapasitet og gode relasjonelle ferdigheiter
Personlege eigenskaper
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg
- Sjølvstendig og initiativrik med fagleg integritet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner på norsk og engelsk – munnleg og skriftleg
- Strukturert og ryddig
- Kommersiell forståing
- Nysgjerrig og utviklingsorientert
- Høg kapasitet og energi
- God evne til å eiga og driva prosessar
Me tilbyr
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien»
- Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
- Gode pensjons- og velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Leirvik AS er ei moderne verksemd med over 300 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter meir enn 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.
Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore.
Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!
- Sektor: Privat
- Sted: Storhaugvegen 130, 5416 Stord
- Bransje: Industri og produksjon, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Innovasjon, Strategi, Utvikling
- FINN-kode 358831639
- Sist endret
Lignende annonser
![Cut'n Go logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/01/8/363/565/938_1e4a4892-d1aa-4978-a919-96d18322fd49.jpg)
![Perfect Temperature Group logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/1/359/975/571_c7c6285a-f37a-4e29-8b0d-7bafbb696f1d.png)
![NES Advantage Solutions AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/1/364/589/371_cc07bbf6-4024-4459-955f-33921d2d2024.png)
![Leirvik AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/12/4/365/431/904_d8926897-4ede-44ac-8c05-fdbdfef43dcf.jpg)
![Fargerike Malerboden logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/14/1/365/810/171_62c9624b-6db8-438a-a1c8-f7dfa753a21b.jpg)
![Bømlo Næringsråd logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/09/5/364/932/795_b5165403-cae3-42f4-ac4e-a93a84b065ad.png)
![Wärtsilä Norway AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/9/364/600/119_57a216bb-aabe-44de-93c1-c2c1e2850751.png)
![HELSE FONNA HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/0/358/689/940_928a3347-8d48-42ba-8836-e70db7340664.png)