Bilskadereparatør og lærling bilskade
Dimmelsvik Bil AS
- Frist 8.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer ein dyktig og engasjert bilskadereparatør som har lidenskap for bil og teknologi og ein lærling i samme faget
Vil du jobba med ein av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!
Gjennom kontinuerleg forbetring og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vere Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på 26 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kunder gjennom heile kundereisa.
Du er interessert i og har vilje til å utvikla deg i faget. Det er fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Relevant praksis kan oppvega for fagutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Bilskadereparasjoner, små og store skader
- Utføre kvalitetsarbeid etter produsent og importør sine retningslinjer
- Sikra høg kvalitet på eige utført arbeid.
Ønskte kvalifikasjonar
- Fagbrev eller anna relevant erfaring
- Er faglig dyktig, nøyaktig og effektiv.
- Har høg arbeidskapasitet og er løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Er pliktoppfyllande og innehar høg serviceinnstilling
- Er positiv og har gode samarbeidsevner
- Førerkort klasse B
I stillinga tilbyr me
- Moglegheit til å arbeide i ein spennande bransje som er inne i ein rivande utvikling.
- Moglegheit til å arbeide med ein av verdas sterkaste merkevare
- Ein variert, lærerik og utfordrande jobb i eit utvidet og oppgradert karosseriverkstad
- Læra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofi
- God faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiter
- Fagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyotas opplæringsprogrammer
- Ein veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtid
- Ei miljømedvite firma
- Konkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste og personalhytte
Om arbeidsgiveren
Dimmelsvik Bil er eit bilsenter med tre hovudavdelingar. Det er bilverkstad, bilsal og bensinstasjon. Vi er 26 tilsette fordelt på fulltids- og deltidstilsette. Vi er ein Toyota-forhandlar, men reparerer alle bilmerke. Difor er vi også ein frittståande Mekonomomen-verkstad. Omsetninga er på ca 60 millionar kroner årleg.
Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Lindås, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 240 tilsette og ei årleg omsetning på 1,5 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Omvikdalsvegen 65, 5464 Dimmelsvik
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Håndverker / Mekaniker
Nøkkelord
bilskadereparatør, oppretter, bilskade, lærling, biloppretting
- FINN-kode 358917034
- Sist endret