2 x 24 % fast stilling på helg
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 25.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Ambulerande miljøtenester har ledig faste helgestilligar
ArbeidsstadAmbulerande miljøtenester er lokalisert Askviknes. Stillingane er knytt til oppfølging av bebuarar som leiger bustad i bygget, og som har tilbod om avlastning. Dette er ei diagnoseuavhengig avdeling som bistår personar som har varierte behov, på ulike måtar. Det er både sjølvstendig arbeid og arbeid i team saman med andre. Me arbeider tverrfagleg, og er opptatt av godt samarbeid både mellom personalet, med tenestemottakarane våre og deira pårørande. Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i alt frå følgje til ulike aktivitetar, praktisk bistand i forbindelse med matlaging, husarbeid, gå tur, fiske, dra på kino, handle og liknande. ArbeidsoppgåverDu vil arbeida i tverrfagleg team og yte tenester etter vedtak i helse- og omsorgstenestelova. Du kan få ansvar for både individuell - og gruppebasert oppfølging, samt arbeida i 2:1-team. Avdelinga har ansvar for oppfølging av vaksne som på grunn av ulike utfordringar har behov for helsehjelp. Arbeidstid Helgestillingane har arbeid kvar 4. helg, med ordinære vakter fredag og langvakter laurdag og søndag. KvalifikasjonarHelsefagarbeidar eller annan relevant utdanningVi oppfordrar også studentar til å søkjeDet er ønskeleg med arbeidserfaring frå kommunalt psykisk helse- og rusarbeid Du likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingarDu har evne til å arbeida målretta og ha god strukturDu har evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaerDet vert lagt særskild vekt på personlege eigenskaparMå ha førarkort klasse B Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel, god på samarbeid i tverrfagleg team og villig til å påta deg ansvar. Vi har ei kommunal helseteneste med stor bredde i type oppgåver og det er til tider ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer desse stillingane må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver i ein travel kvardag. Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Vi tilbyrFaglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringLøn etter gjeldande avtalarVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Miljøtjenester, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
helg, helgestilling, deltid, psykisk, helse
- FINN-kode 359034412
- Sist endret