![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Fysioterapeut - Avdeling for rusmedisin/ AFR Dr. Martens, Helse Bergen
Helse Bergen
- Frist 21.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Fysioterapeut
Ved Avdeling for rusmedisin (AFR), Dr. Martens er det ledig stilling som fysioterapeut.
Dr. Martens-bygget ligg tilbaketrekt i rolege omgjevnader i Sandviken og inneheld to sengepostar for AFR. I byggets underetasje ligg avdelingas tvangspost der pasientane kan bli innlagd utan eige samtykke etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstjenesteloven (HOL) når andre frivillige hjelpetiltak ikkje er hensiktsmessige eller tilstrekkelege. I andre etasje ligg avdelingas korttidspost som tilbyr mellom anna avklaring, avrusing og stabilisering til både kvinner og menn i ein subakutt fase.
Den nye stillinga er knytt til begge postane ved Dr. Martens.
Stillinga si arbeidsfunksjon er å sikra aktivitet/tenestetilbod i postane og lage aktivitetsprogram både i gruppe og individuelt. Tilby undersøkingar, kartlegging/vurderingar og samarbeide i eit tverrfagleg behandlingsteam gjennom pasienten sitt forløp. Rettleie, motivere og delta i miljøterapeutiske aktivitetar.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering og kartlegging av pasientar
- Behandling, trening og oppfølging individuelt og i gruppe
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Deltaking i ansvarsgrupper og andre samarbeidsgrupper
- Rådgiving/rettleiing
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå som autorisert fysioterapeut eller tilsvarande utdanning som eksempelvis ergoterapeut, osteopat eller ernæringsfysiolog
- Erfaring innanfor rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- God fagkunnskap og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
- Ha engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
- Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå
- Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
- Robust og god på avgjerder
- Gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Regelmessig internundervisning
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Vi arbeider tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust
- Fleksitidsordning
- Lønns- og arbeidsvilkår i hht. gjeldande lover, reglement og avtalar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Fysioterapeut, Helsepersonell / Ergoterapeut, Helsepersonell / Ernæringsfysiolog
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 359040969
- Sist endret