![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Stråleterapeut - vikariat
Helse Bergen
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Stråleterapeut - vikariat
Vi søker stråleterapeut til vikariat i perioden frå september 2024 ut april 2025.
Stråleterapiseksjonen er ein av ni seksjonar ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, og har som hovudansvar å gjennomføre bildeopptak for doseplanlegging, inkludert immobilisering, gjennomføre strålebehandling og følge opp pasientar under strålebehandling.
Avdelinga er utstyrt med fire TrueBeam lineærakselleratorar, ein Ethos, ein Halcyon med Hypersight, to CT maskinar (Phillips BigBore) og utstyr for brakyterapi (HDR). Fire av seks strålemaskinar er utstyrt med Align RT overflateskanningsutstyr. Vi bruker Aria verifikasjonssystem og Eclipse til doseplanlegging.
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sidan av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå. Innan stråleterapi blir det lagt stor vekt på individtilpassa behandling. Avdelinga har topp moderne utstyr for stråleterapi og førebur seg til at vi i 2025 skal tilby protonbehandling i nytt protonbygg. I bygget vil det også komme ein ny CT, og MR som skal driftas i samarbeid med Radiologisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Stråleterapeutane arbeider på fleire modalitetar og utfører andre arbeidsoppgåver knytt til seksjonen sitt virkeområde: fiksering og bildeopptak for behandlingsplanlegging på CT og MR, gjennomføring av strålebehandling, kvalitetskontroll, oppfølging av pasientar og pårørande, undervisning, praksisrettleiing, forbetringsarbeid, forsking og fagutvikling
- Stråleterapeutane arbeider i team på dei ulike einingane, og samarbeider tett med lege, doseplanleggar, fysikar og andre faggrupper
- Arbeidet går føre seg i hovudsak på dagtid, men den som blir tilsett må pårekne noko arbeid på ettermiddag/kveld, samt at vaktordningar på ettermiddag/kveld kan bli innført på midlertidig eller permanent basis. Vi har bakvaktordning på helg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Vidareutdanning i stråleterapi er ønskeleg, men ikkje eit krav i vikarstilling. For deg som er radiograf er eit vikariat ein fin mogelegheit å få erfaring med stråleterapi.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling, ikkje-skandinaviske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest B2-nivå eller tilsvarande. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden
Personlege eigenskapar
Vi er opptatt av at vi skal levere høg kvalitet i behandling og pasientomsorg, og vi forventar at våre stråleterapeutar yt sitt beste for pasientane. Kreftbehandling er teamarbeid, derfor er det viktig at du er ein teamarbeidar. Gjennom å utnytte kapasiteten godt, planlegge arbeidsdagen, bidra kollegialt, bry deg om kollegaene dine, komme med innspel til forbetring av organisering og gjennomføring av arbeidet er du ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø. Av og til har pasientar behov for at vi stiller opp utanfor den vanlege arbeidstida, dette bidreg du kollegialt til. Du er fagleg interessert og tar ansvar for eigen fagleg utvikling, og deler av det du kan - du gjer andre gode! Du tek og ansvar for arbeidet ditt og pasientane du behandlar.Vi tilbyr
- Ved stråleterapiseksjonen trivst tilsette fordi arbeidet er meiningsfylt og interessant, og det er heller inga ulempe med kollegaer som bryr seg om kvarandre. Du får opplæring og det er gode mogelegheiter for å utvikle seg fagleg.
- Mogelegheit for at vikariatet blir forlenga
- For deg som er radiograf er vikariatet ei moglegheit å få erfaring med stråleterapi - kanskje du vil ta vidareutdanning i stråleterapi?
- Lønn etter overeinskomst og pensjons- og forsikringsordning.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Radiograf, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Stråleterapi, Radiograf, stråleterapeut, kreft
- FINN-kode 359074075
- Sist endret
Lignende annonser
![Akershus universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1035363383/iad_3114434523749424445ny_logo_april_2016.png)
![Helsehuset Røntgen, Sandefjord logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/2/359/858/992_2a106761-c1bc-40ce-a6dd-802f5cb0706d.jpg)
![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/0/logo_hf_48202.png)
![Akershus universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1035363383/iad_3114434523749424445ny_logo_april_2016.png)
![Oslo universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/798225499/sykehus_7637190194870020544.png)
![Akershus universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1035363383/iad_3114434523749424445ny_logo_april_2016.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Klinikk for bildediagnostikk logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/4/360/923/614_86835ce5-bd71-447f-ad1f-f06ccd89908e.jpg)
![Akershus universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1035363383/iad_3114434523749424445ny_logo_april_2016.png)
![Akershus universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1035363383/iad_3114434523749424445ny_logo_april_2016.png)