![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/5/360/388/225_444634db-f96d-4006-914d-4ef73e89a0df.jpg)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/01/2/359/429/522_fe3055ea-35fa-42fb-b28a-4383a9fdc252.jpg)
Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 12.8.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Rådgjevar prosessleiar
Er du god på prosess? Vi utviklar mobilitetssystemet i Vestland. I arbeidet er det mange aktørar og omsyn undervegs: Vi undersøker kva tilbod dei reisande treng. Vi har dialog med interessentar og aktuelleleverandørar, og utarbeider tiltak og tilrådingar til politiske beslutningstakarar. Tilbodet skal vere enkeltå forstå og tilpassa behova til dei reisande. Det skal kunne bli utført effektivt av transportselskapa, passetil fysisk infrastruktur som knutepunkt og kaier og gi god bruk av ressursane. Slik former vi framtidasreisenettverk i Bergen og Vestland!
Vi treng deg som evner å tenke heilskapleg og strukturert inn i eit større prosjekt knytt til båttilbodet i fylket. Du har god prosessforståing, er ein pådrivar ogfår andre med deg heilt i mål. Du vil inngå i ei faggruppe for strategisk vidareutvikling avmobilitetstilbodet. Oppgåvene er knytt til langsiktige planar for tilbodet, å sikre nødvendigkollektivinfrastruktur og å legge til rette for overgang til låg- og nullutsleppsløysingar. I prosjektstillinga vil du vil ha varierteoppgåver knytt til å planlegge og gjennomføre gode prosessar for utgreiingar og utarbeiding avbeslutningsgrunnlag.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er ei toårig prosjektstilling knytt til arbeidet med å førebu nye driftskontraktar for båtruter i Vestland. Som rådgjevar hos oss vil sentrale oppgåver vere:
- Prosjekt- og prosessleiing knytt til utarbeiding av strategiske planar og utgreiingar
- Informasjonsinnhenting, analysar og utgreiingar
- Utarbeide saksgrunnlag og prosessdokumentasjon
- Sikre prosessar for god dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar
- Bidra til intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar
Oppgåvene vil bli utført i tett samarbeid i faggruppa og med andre fagmiljø i Skyss. Det er ogsåmange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andresamarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få god moglegheit for fagleg utvikling, og til å byggjenettverk både internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde. Lang og relevant erfaring kan kompensere for kravet om mastergrad
- god forståing for prosjekt- og prosessleiing,
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne.
Det er i tillegg ønskeleg at du har
- erfaring frå samfunnsplanlegging, transportplanlegging og/eller fagfelt knytt til klima og miljø,
- kjennskap til Bergen og andre delar av vestlandsregionen og
- kjennskap til offentleg forvalting.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som
- arbeider faktabasert og analytisk,
- har evne til strukturert og strategisk planlegging,
- har pågangsmot og kan få andre med deg,
- er omgjengeleg og trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap, og
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss er vi mange som brenn for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland! Vi tilbyr:
- Toårig prosjektstilling
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
- Moglegheit for å utvikle seg fagleg
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen eller Leikanger
Andre opplysningar
- Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder: Askedalen 2, 6863 Leikanger, Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Offentlig administrasjon, Transport og logistikk, Annet
- Stillingsfunksjon: Planlegger, Prosjektledelse, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosessledelse, samfunnsplanlegging, kollektivtransport, samferdsel, skyss
- FINN-kode 359429522
- Sist endret
Lignende annonser
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/5/360/388/225_444634db-f96d-4006-914d-4ef73e89a0df.jpg)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/14/1/357/210/281_e39c3231-5a80-4e6e-9c55-cf77b98583da.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Høgskulen på Vestlandet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1568786838/iad_3084308887002724602h_gskulen_p__vestlandet.png)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Norwegian Hull Club logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/15/5/361/274/505_b69774ac-1e41-4952-985e-bef4467cda5e.png)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/5/359/566/155_175b86cc-ae9b-4c72-96a8-262427d27caa.jpg)
![Høgskulen på Vestlandet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1568786838/iad_3084308887002724602h_gskulen_p__vestlandet.png)
![Høgskulen på Vestlandet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1568786838/iad_3084308887002724602h_gskulen_p__vestlandet.png)