Kontaktlærer og faglærer i naturfag + matematikk og/eller spansk
Time kommune
- Frist 15.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Lærarar på ein skule der det praktiske møter det kreative og digitale!
Har du lyst til å jobbe på ein ny skule, der det praktiske møter det digitale, og der initiativ og engasjement blant tilsette blir heia fram?
Vardheia ungdomsskule opna dørene i august 2021 og har ein fantastisk gjeng med engasjerte tilsette, flotte elevar og ein skulebygning utanom det vanlege. Men akkurat no manglar me to lærarar, ein kontaktlærar og ein faglærar. Faga som er ønska naturfag, matematikk, engelsk, kroppsøving og spansk. Andre fag kan og vere aktuelle
Hos oss vil du få sjansen til å jobbe i eit solid, breitt og ungt miljø med mykje energi, engasjement og stor interesse for å skape unike læringsprosessar for våre elevar. Me har eit spesielt fokus på å arbeide tverrfagleg, anerkjenning av ulike talent og står solid på to bein: det praktiske og det digitale
Skulen er bygd gjennom samarbeid mellom Klepp og Time kommune og har plass til 450 elevar frå begge kommunane.
Første etasje er sett av til dei praktiske faga, bygd etter model frå vidaregåande skule. Skulen har ei velutstyrt tradisjonell kunst- og handverksavdeling. I tillegg har skulen store og velutstyrte verkstadar for metall og mekaniske fag, bygg og trefag og storkjøkken og restaurant. Dermed ligg alt til rette for å kunne gje elevane arbeidslivsfag på eit nivå få ungdomsskular har høve til.
Skulen er også utstyrt med eit stort skaparverkstad med ulike typar maskinar og produksjonsutstyr. Her kan elevane få utfolde sin kreativitet gjennom arbeidsformer som til dømes elevbedrift ved hjelp av mange av dei verktøy næringslivet har å tilby.
Undervisningsromma i andre etasje er organisert fagvis og skulen har forlatt dei tradisjonelle klasseromma til fordel for fagrom. Dette gjer høve til å tilpasse innreiing og utsmykking til dei enkelte fag sin eigenart og kan med dette også bidra til å skape eit godt fagleg læringsmiljø.
Sentralt i skulebygget er kantine og sceneområde, læringslab og mediatek. Desse områda er tilgjengelege for elevane gjennom skuledagen, og vil bli brukt aktivt både i forhold til fagleg og sosialt arbeid.
Skolen er skildra godt i Utdanningsnytt, sjå https://www.utdanningsnytt.no/praktisk-undervisning-ungdomsskole/vardheia-ungdomsskole-er-bygget-som-en-yrkesfaglig-skole-med-verksteder-storkjokken-og-restaurant/308608
Arbeidsoppgåver
- Verdas beste og viktigaste jobb: Undervisning- Sjå og møte den einskilde elev der ho/han er
- Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang
- Samarbeida godt og spela på lag med andre
- Organisere tverrfaglige tema og fagdagar
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning.- Gode kunnskaper både fagleg og didaktisk
- Er ein tydeleg og strukturert klasseleiar / faglærar
- Kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har gode relasjonskompetanser, gode samarbeidsevner og er ein dyktig klasseleiarar. Du må vera sjølvstendig, strukturert, fleksibel og løysningsorientert. Du må ha eit stort engasjement for elevane og skulen.
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer med mye energi, initiativ og eit særs godt og ungt arbeidsmiljø
- Heilt ny og moderne skule med særs gode fasilitetatar der alt ligg til rette for praktisk, variert og engasjerande læring
- Lønn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Nordlysvegen 10, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 359444775
- Sist endret