Avdelingsleiar Maritim/Automasjon
Proton Elektro AS
- Frist 13.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer no etter ein dyktig, ambisiøs og engasjert avdelingsleiar!
Du vil få ansvaret med å leie og vidareutvikle vår maritime/automasjons-avdeling.
Vi prosjekterer og utfører installasjonar på maritime nybygg, service og commissioning.
God kundekontakt med dialog og tett samarbeid med våre kundar er viktige parameter for oss.
Stillinga har ikkje personalansvar.
Arbeidsoppgåver
· Leie og administrere avdeling til å gjennomføre mål og forventningar
· Sørge for at avdelinga innehar nødvendig kompetanse til å løyse aktuelle arbeidsoppdrag
· Ressursansvar for avdelinga, i samarbeid med maritim servicekoordinator.
· Utføre ingeniøroppgåver som ein del av avdelinga sin ressurs
· Utarbeiding av priskalkyler og prisestimat for nybygg og ettermarknad/service
· Utarbeide dokumentasjon og prosjekteringsunderlag av avdelinga sine pågåande og nye arbeidsoppdrag
· Utvikling av automasjonskonsept og styringar for maritim sektor
Kvalifikasjonar
· Ingeniør/teknisk fagleg utdanning innan elektro og/eller automasjon frå høgskule eller fagskule
· Relevant erfaring frå elektro-/automasjonsfaget som prosjekterande og utførande i maritim sektor
· Gjerne relevant utdanning og/eller erfaring innan leiing og økonomi, men ikkje eit krav då nødvendig kompetanseheving vil verte gitt
· Kjennskap og erfaring med BIM og/eller DAK
· Erfaring frå programmering av PLS, frekvensomformarar og liknande
· Beherske godt norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
· Evne til å bygge gode relasjonar og vere synleg i marknaden
Personlege eigenskapar
· Opptatt av kvalitet i alle ledd, ansvarsbevisst og sjølvstendig
· Strukturert, ryddig, med god evne til samarbeid og jobbe i team
· Positiv, utadvent og løysingsorientert
· Resultatorientert
Vi kan tilby
· Moglegheit til å forme framtidas maritime/automasjons-avdeling med eit stort vekstpotensiale
· Gode moglegheiter for fagleg utvikling
· Godt arbeidsmiljø i lag med engasjerte medarbeidarar
· Varierte og spanande arbeidsoppgåver
· Konkurransedyktige lønns- og pensjonsvilkår
Søknad med CV sendes til: post@proton-elektro.no
Om arbeidsgiveren
Proton Elektro AS vart etablerte i 2013 og held til på Mjølstadneset i Herøy kommune.
Per i dag er vi 27 tilsette, og har heile Søre Sunnmøre som arbeidsområde.
Vi arbeider med installasjon og service innan bustad, næring, industri og skip.
Vi har eige tavleverkstad for bygging av skap og tavler til bustad, næring, industri og skip.
Proton Elektro AS er medlem av Norges marknadsleiande elektrikarkjede - Elfag
- Sektor: Privat
- Sted: Mjølstadnesvegen 9, 6092 Fosnavåg
- Bransje: Elektronikk, Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ingeniør / Elektroingeniør, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
automasjon, elektro, automasjonstekniker, ingeniør elektro, elektroautomasjon
- FINN-kode 359595420
- Sist endret