![Høgskulen på Vestlandet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1568786838/iad_3084308887002724602h_gskulen_p__vestlandet.png)
Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskolelektor i utdanningsleiing
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet
Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Stord, og er ledig t.o.m. 31.07.2025. Tiltreding så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervising, rettleiing av studentar, vurdering av arbeidskrav og oppfølging av studentar i praksis. Stillinga vil i hovudsak vera knytt til praktisk pedagogisk utdanning (PPU), som er eit samlingsbasert studium ved HVL, campus Stord. Stillinga kan også innehalde arbeidsoppgåver for grunnskulelærarutdanningane (GLU) og etter-og vidareutdanning avhengig av søkar sin kompetanse og instituttet sine behov. Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i seksjonen sitt faglege og administrative arbeid.
Noko reiseverksemd må påreknast.
Høgskulen legg vekt på å nytta digitale læringsverktøy i undervisning og i samhandling med praksisfeltet.
Formell utdanning og kompetanse:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129?q=Forskrift%20om%20ansettelse%20og%20opprykk).
For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha doktorgrad i pedagogikk.
For tilsetting som førstelektor må søkar ha dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang er tilsvarande arbeidsmengde og nivå for ein doktorgradsavhandling, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar, kan det bli aktuelt å tilsette i stilling som høgskulelektor. For tilsetting som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad i pedagogikk med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva.
Søkaren må:
Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Ønska kvalifikasjonar:
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)
Høgskulen på Vestlandet
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse