![Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/03/2/359/709/462_86af7162-6ad4-4a20-9be5-5c19a4778847.gif)
Event og prosjektkoordinator
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
- Frist 15.8.2024
- Ansettelsesform Fast
SPENNANDE OG ALLSIDIG STILLING I EIT INTERNASJONALT MILJØ
Kan tenke deg ein spennande og utfordrande stilling i eit entusiastisk miljø med høg kompetanse?
Då vil stillinga vår som Event og prosjektkoordinator kunne vere rette stillinga til deg.
Event og prosjektkoordinator jobbar tverrfagleg, og er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av ulike events og prosjekt som skulen og UWC Connect gjennomfører i løpet av året både på og utanfor Campus. Stillinga krev at du må vere komfortabel i ei leiarrolle, like å ta ansvar og ha høg gjennomføringskraft. Event og prosjektkoordinator vil vere plassert i avdelinga som jobber med Eksterne relasjonar, og saman har vi det overordna ansvaret for skulen sitt arbeid med eksterne relasjonar og kommunikasjon. Vi har fleire spennande prosjekt som vi skal arbeide med framover, inkludert 30-års jubileumet til skulen i 2025.
Som Event og prosjektkoordinator vil du rapportere direkte til Direktør for samfunnskontakt og kommunikasjon, og bidra til å oppfylle skulen sine strategiske og økonomiske mål. Du vil også arbeide tett med Dagleg leiar hjå UWC Connect og øvrige tilsette i både UWC RCN og UWC Connect.
Hovedoppgåver:
- Ansvar for skulen sine interne og eksterne event som involverer elever og besøkjande, td avgangsseremoni for elevar, besøk frå foredragsholdere, Reunion, deltaking på arrangement utanfor campus osv
- Ansvar for skulen sine prosjektaktiviteter og søke å utvikle prosjektaktiviteter som støttar opp under skulen sin misjon
- Søke eksterne midler til gjennomføring av prosjektaktiviteter
- Økonomiansvar for events og prosjekt - Bistå i arbeidet innanfor External Relations, som td kommunikasjon, fundraising etc
Sentrale arbeidsoppgåver for stillinga vil vere:
- Følge opp dei ulike eventa frå start til slutt: t.d. koordinering, bemanning, innkjøp, lyd,
- Ha ansvar for og jobbe tett saman med elevane i gjennomføring av events og prosjekt, samt Operational Service Manager og Viserektor.
- Følge opp prosjektaktiviteter og ha oversikt og kontroll på økonomi, tidsfristar og rapportering
- Bygge nettverk og representere UWC i relevante forum både på og utanfor campus
- Jobbe tett saman med Connect Manager og Kommunikasjons koordinator for å få det beste ut av kvart einskild event
- Søke moglegheiter for forbetring av alle event og prosjekt
Personlege eigenskapar:
- Er høgt motivert og med evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er utviklingsorientert, velorganisert og metodisk og likar å ta initiativ.
- God på å jobbe under press, sjå løysingar og alltid å ha kunden i fokus
- Har gode kommunikasjons- og vertskapsferdigheiter
- Har evne til å tenke heilskapleg og strategisk
- Har høg integritet og likar å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon
Kva kan vi tilby?
Ein fleksibel arbeidskvardag på den utan tvil mest internasjonale arbeidsplassen og bumiljøet i vårt område. Du vil sjølvsagt ha tilgang til ein unik natur i alle himmelretningar, kjekke folk å drive aktivitetar i lag med, tilgang for deg og familien din i næraste nabo (Haugland Rehabiliterssenter) sine basseng og treningsfasilitetar og mange sosiale møteplassar i løpet av året. Vi er 18 skular som jobbar ilag på mange område og du vil få tilgang til eit internasjonalt nettverk på ditt fagområde. Vi jobbar stadig for å bli betre på personleg utvikling og at dei tilsette skal kunne ta del i kurs og utdanningsmoglegheiter
Du vil finne utfyllande informasjon om stillinga, kontaktinformasjon og korleis søke på stillinga på heimesida vår, jamfør http://uwcrcn.no/vacancy/.
Med ynskje om ein god sommar - og så ser vi fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
United World College Red Cross Nordic (UWC RCN) vart grunnlagt i 1995 på Haugland i Fjaler kommune. Skulen er ein internatskule med omlag 200 studentar i alderen 16-19 år frå meir enn 90 ulike nasjonar, med undervisning basert på International Baccalaureate Diploma Programme (IB). Etter to år ved UWC RCN startar dei fleste studentane høgare utdanning ved prestisjefylte universitet verda over. Skulen arrangerer òg sommarleirar for barn i samarbeid med Røde kors og leirskuleopphald for norske skuleklassar. Skulen har i dag 65 fast tilsette, med omlag ein halvpart innan undervising og den andre innan administrasjon og støttefunksjonar.
Skulen ligg idyllisk plassert i Flekkefjorden i Vestland fylke, og er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa. Tilsvarande dei andre UWC-skulane er UWC Røde Kors Nordisk sterkt knytta til UWC sin misjon, og har som misjon å gjere utdanning til ei kraft for å foreine mennesker, nasjonar og kulturar for fred og er berekraftig framtid. United World Colleges er ein unik organisasjon som samlar studentar fra heile verda. Desse er valt av sine eigne land ut frå eigne evne og forteneste, og uavhengig av evne til å betale for seg. Skulen har omlag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect har ansvar for andre verksemdsaktivtetar som mellom anna leirskuleaktivitetar, sommarleirar og ulike grupper som besøker og får oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar to bygg som UWC Connect AS leiger.
- Sektor: Privat
- Sted: Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Event og arrangementer, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Kurs og opplæring, Markedsfører
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
kommunikasjon, markedsføring, prosjektleiing
- FINN-kode 359709462
- Sist endret
Lignende annonser
![Nordea logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/49885274/iad_8686801158218524144n_l1_b4_rgb_nordea21_11_16.png)
![Electric Friends logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/7/358/801/127_227fcb89-7baf-4964-8105-b0e60ee3a0cc.png)
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/0/359/566/430_5cb4fd70-c185-45c6-9a3a-187a540fd420.png)
![VIS- Vestlandets Innovasjonsselskap AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/8/358/673/358_687771f1-9a85-4833-b85e-6728ed911a45.png)
![Deloitte logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/3/358/136/813_8ea840b1-3000-49dc-b817-abf7e1192cda.jpg)
![Den norske filmskolen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/11/0/356/814/210_f1e87143-7d75-4f47-8229-471067f361d3.png)
Fast stilling som linjeprodusent ved Den norske filmskolen
Den norske filmskolen
Innholdsprodusent CreaTeME ved Fakultet for kunstfag
Universitetet i Agder (UiA)
![KIND logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2023/7/vertical-0/03/2/309/480/972_886841334.png)