![Austevoll Asfalt AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/29/8/359/252/838_2573a84c-d14e-4f7d-bde0-6ec379af86cb.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2016/9/vertical-5/23/7/02c/e23/50-/816/6-1/1e6/-8f/00-/6b7/ac9/d32/_731233470.jpg)
Kontrollingeniør
Statens vegvesen
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og føre kontroll på drift og vedlikehald av riks -og europavegar?
Kontrollingeniør
Om stillinga
Som kontrollingeniør bidreg du til å utvikle fleire tjenester som er viktige for samfunnet for å utvikle eit effektivt, sikkert og godt transportsystem tilpassa framtidas behov og teknologi. Du vil få ansvar for å leie vedlikehaldsprosjekt, stikkprøvekontrollar, og kontrollere entreprenøren sitt arbeid. Vi byggjer lag og fag, og ser vi etter deg som vil ha ein aktiv kvardag med varierte arbeidsoppgåver!
Arbeidsoppgåver
Som kontrollingeniør vil dine arbeidsoppgåver innehalde:
- følgje opp driftskontakt 9305 Sunnfjord som omfattar riks- og europavegane i Sunnfjord og delar av Sogn og Nordfjord.
- utføre stikkprøvekontroll ut på veg.
- følgje opp, kontrollere og dokumentere arbeid utført av driftsentreprenøren.
- gjennomføre kvalitetsoppfølging av felleskontrollar med entreprenører.
- lede vedlikehaldsprosjekt.
- kontrollere og følgje opp SHA/HMS og YM planverk
- andre relevante arbeidsoppgaver på seksjonen
Kontorstad for stillinga vil være på trafikkstasjonen i Førde eller på kontorstaden vi har på Leikanger.
Kompetansekrav
Du må ha
- minimum 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagfelt. Omfattande og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
- relevant erfaring innanfor fagområde drift og vedlikehald.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk, samt gode datakunnskapar.
- førarkort klasse B.
Om du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, vil vi anbefale ein autorisert oversetting av papira dine og godkjenning fra NOKUT (www.nokut.no).
Det er ønskjeleg med erfaring fra bygg og anlegg.
Vi ser etter deg som
- tar eit sjølvstendig ansvar, er fleksibel i møte med endringar og er løysningsorientert i møte med komplekse saker
- gode samarbeidsevner og kunne bidra til et godt arbeidsmiljø.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt seksjonsleiar Per Ove Fossheim, tlf. 97570583 for ein triveleg prat.
Om arbeidsgiveren
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sanderplassen 6, 6800 Førde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
(1/3)
- FINN-kode 359732781
- Sist endret
Lignende annonser
![Austevoll Asfalt AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/29/8/359/252/838_2573a84c-d14e-4f7d-bde0-6ec379af86cb.jpg)
![Veidekke Industri AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/344556337/iad_4152894874177710607veidekke1_logo.png)
Veidekke Asfalt, distrikt Vestland søker Asfaltører/Asfaltarbeidere
Veidekke Industri AS
![Renasys AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/4/vertical-0/26/3/350/332/143_5be303b9-989d-45ed-b8cb-c760bf4da42c.png)
![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/0/logo_hf_48202.png)
![Engebø Rutile and Garnet AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/3/vertical-0/14/1/343/969/071_34163263.png)
![Carlings logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/397358543/iad_394365075525221366carlings_ny.png)
![Adecco logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1000015/iad_6427283749306234702adecco_logo_red.png)
![Dale Rør AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/2/vertical-0/29/4/228/208/104_745636529.png)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/5/360/419/455_994c9e5f-1409-4d21-aa16-8b2cb7030162.jpg)