Fagingeniør Blodbank
Helse Fonna HF
- Frist 25.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagingeniør Blodbank
Ønskjer du ein variert arbeidsdag der ingen dag er lik? Dette kan vere arbeidsplassen for deg!
Laboratoriet ved Odda sjukehus har ledig stilling som fagingeniør i blodbanken. Fagingeniør har ansvar for blodbanken saman med fagansvarlig ingeniør.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og fagleg dyktig team ved Odda sjukehus. Sjukehuset er et mindre akuttsjukehus kjent for sitt tette tverrfaglige samarbeid med dei ulike avdelingane og poliklinikkane. Vi har et godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidare. Du vil få høve til å påverke din eigen arbeidskvardag og bidra aktivt til forbetring og kvalitetsutvikling innanfor våre rammer. Vi har todelt turnus noko som gir mulighet for friperiodar.
Vi gler oss til å ønske ein ny kollega velkommen til vårt team! Ta gjerne kontakt for en uformell prat, eller send inn søknaden din!
Litt om plassen vår: Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjend for sin vakre natur. Her finn du fotturar for alle, som Trolltunga, og andre aktivitetar som brevandring, kajakk, sykling, fruktgårdar, museum og festivalar.
Arbeidsoppgåver
- Nyregistrering av blodgivere
- Hygienekontroll og mottakskontroll av celler
- Bestilling av blodgivergaver
- Ansvar for temperaturovervåking
- Tapping av blodgivere
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå blodbank er ønskeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- er fleksibel og serviceinnstilt
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning med å finne bustad
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagingeniør, bioingeniør, odda, trolltunga
- FINN-kode 359827301
- Sist endret