![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/9/359/597/939_a16b112f-2f39-4278-8f3d-52afcf584214.png)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/25/0/359/840/860_b81f4309-952e-40d3-bee9-58083217aa70.jpg)
Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.08.2024
- Ansettelsesform Prosjekt
Vil du jobbe med gründerar og innovasjon i Vestland fylke?
Ein spennande moglegheit for deg som vil jobbe med gründerar og innovasjon i Vestland fylke. Vestland fylkeskommune lyser ut ei prosjektstilling i perioden 30.09.24 til 30.09.25 ved Etablarersenteret. Etablerersenteret er eit offentleg tilbod som gir bransjenøytral rettleiing til gründerar. 'En vei inn' er ei nasjonal satsing for å gi gründerar og bedrifter lettare tilgong til verkemiddelapparatet. Arbeidet med 'En vei inn' i Vestland for ført til auka pågang hos Etablerersenteret. I tillegg er det eit pågåande prosjekt som ser på førtelinjetenesta i Vestland. I prosjektperioden skal Etablerersentert undersøke korleis det skal rigge seg i dette nye landskap, for å sikre eit godt og relevant tilbod. Oppgåvene i stillinga omfattar prosjektarbeid i form av prosjektplanlegging og prosjektgjennomføring. Det vil også bli rettleiing av gründerer og anna arbeid knytt til oppgåvene til Etablerersenteret. Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektplanlegging og prosjektgjennomføring
- Individuell rettleiing av gründerane
- Dialog med kommunar, næringslivsaktørar og resten av verkemiddelapparatet
- Halde presentasjonar
- Skrive tekster for rapporter og anna
- Analysearbeid
- Det kan bli anna arbeid knytt til oppgåvene på Etablerersenteret
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar.
- Erfaring med å utvikling og gjennomføre prosjekt
- Relevant arbeidserfaring
- God fagkompetanse innan innovasjon og næringsutvikling
- Kunnskap om førstelinjetjeneste og offentleg sektor
- Erfaring med å lede fysiske og digitale workshops og samlinger
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig
Det er ein fordel med:
- Gründerbakgrunn– gjerne erfaring med å etablere eiga bedrift
Personlege eigenskapar
- Ein lagspelar som initierer og utviklar kompetanse, samarbeid og relasjonar, og som synleggjer og deler kunnskap og erfaringar
- Ein som vil løfte andre og er opptatt av verdiskaping og rolla som samfunnsbyggjar.
- Høg integritet og stort engasjement
- Sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
- Ein dyktig formidlar, som trivs godt i rollen som fasilitator og rettleiar
- Fagleg autoritet og varme
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Sykkelparkering
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hillesgate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning, Forretningsutvikling og strategi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Etablering, gründer, rådgiving, forretningsutvikling, veiledning
- FINN-kode 359840860
- Sist endret
Lignende annonser
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/9/359/597/939_a16b112f-2f39-4278-8f3d-52afcf584214.png)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/2/359/429/522_fe3055ea-35fa-42fb-b28a-4383a9fdc252.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Vest politidistrikt logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/24/7/358/542/307_1a5d6f8c-1f7b-4896-8d0e-71cde4bb64c5.jpg)
Seksjonsleiar for seksjon for sak og dokument ved Felles eining for påtale
Vest politidistrikt
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/14/1/357/210/281_e39c3231-5a80-4e6e-9c55-cf77b98583da.jpg)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/5/360/388/225_444634db-f96d-4006-914d-4ef73e89a0df.jpg)