Pedagogisk leiar og barnehagelærar x 2, 100% vikariat
Øygarden kommune
- Frist 11.08.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Skogsvåg barnehage og Stranda barnehage
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 850 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Vi har 14 kommunale barnehagar frå Steinsland i sør til Rong i nord. Vi har behov for fleire pedagogar.
Arbeidsoppgåver:
- Leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre.
- Ansvar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med dei andre tilsette
- Arbeide for eit trygt og godt miljø for barn og vaksne.
- Dagleg arbeid med barn, og legge til rette for eit godt foreldresamarbeid
Må ha:
- 3-årig barnehagelærar-/ førskulelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage
- Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid i barnehage
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande
- Du må like utfordringar og vere endringsvillig
- Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere
- Du set barna sitt beste i fokus, og er god til å samarbeide med andre.
- Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysingsorientert.
- Du er positiv og ser verdien av humor på jobb.
- Du har har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis. Faglege ambisjonar og hjarte for det du driv med.
Stranda barnehage: Vikar for pedagogisk leiar frå 01.10.2024 til 14.08.25 og vikar for barnehagelærar frå 01.10.24 14.08-24.
Skogsvåg barnehage: Barnehagelærar vikariat f.o.m. 15.08.24 t.o.m. 14.08.25. Mogleg vikariatet blir forlenga.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Stranda barnehage: Sølvi Schei tlf 56327801 / 90721288 eller Miriam Blomvågnes tlf 98853990
Skogsvåg barnehage: Else Borghild Glesnes tlf 95113202
Om arbeidsgiveren
Klikk for stort bilete Våre hovedsatsingsområder er leik, språk og at alle barn har ein god barnehagekvardag. Vi arbeider med å fremme gode leike moglegheiter, med fokus på leikemiljø og aktive vaksne i leik. For å styrke barnas livsmestring og helse har dei vaksne fokus på å skape gode relasjonar i eit godt og trygt barnehagemiljø. For oss er det viktig at alle barn har ein god barndom fylt med glede, latter, vennskap og meistring.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
Nøkkelord
barnehage, pedagogisk, barnehagelærer, førskolelærer
- FINN-kode 359860849
- Sist endret