![twoday Norway logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/1/360/015/361_654a69ea-99f2-4141-8d86-998df4a4b619.png)
![Attvin logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/05/7/359/944/127_22153176-bbb8-4948-bfa0-3d202f4c5063.png)
BI-rådgiver
Attvin
- Frist 18.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Utviklingsorientert teknolog søkes!
Attvin er i sterk utvikling, på lik linje med renovasjonsbransjen ellers.
Heile bransjen står ovanfor eit stort digitaliseringsløft, og Attvin har kome eit godt stykke på veg i si digitale transformasjon. Gjennom dei siste to åra er det lagt ned mykje godt arbeid, og no er vi på jakt etter din kompetanse for å få best mogleg utbyte av dette arbeidet.
Det ligg enormt mange moglegheiter i verksemda sitt datagrunnlag, og det er difor vi treng deg som både evnar å identifisere og realisere desse moglegheitene. Vi er på jakt etter deg som gjennom kunnskap om digitalisering vil vere med å løfte organisasjonen til å bli mest mogleg datadreven og eigna til å ta innsiktsbaserte strategiske avgjerder.
Som BI-rådgjevar vil du jobbe i grensesnittet mellom forretningsutvikling, økonomi og analyse.
Viktige oppgåver vil vere:
- Hente og bearbeide rådata, og samanstille desse i analyse- og visualiseringsverktøy
- Bidra til å utvikle løysingar for dataflyt og datavarehus
- Dataanalyse for å finne årsaker, avvik og kvalitetsbristar
Vi ser gjerne at du har:
- Relevant høgare teknisk eller administrativ utdanning
- God BI-kompetanse og erfaring frå bruk av BI-verktøy
- Erfaring med å utvikle løysingar for dataflyt og datavarehus
- God forretningsforståing
Personlege eigenskapar:
Attvin ønskjer tilsette som både utfordrar og spelar kollegaene sine gode. Det er likevel nokre personlege eigenskapar som er nødvendige for å fylle denne stillinga:
- Du samarbeider og kommuniserer godt med andre – både kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar
- Du er utviklingsorientert med høg gjennomføringsevne
- Du er strategisk, med evne til å sjå utviklingsmoglegheiter for Attvin
Vi tilbyr:
- Moglegheita til å vere med å skape gode løysingar i eit selskap med samfunnskritisk funksjon og over 100 000 kundar
- Ein interessant jobb med eit viktig samfunnsoppdrag
- Svært gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter
- Fleksibel arbeidskvardag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Attvin arbeider for å gjere avfall om til nye ressursar. Selskapet skal gjere det mogleg for innbyggjarar og næringsliv å skape ei sirkulær framtid, i eit godt lokalmiljø.
Attvin er eit av dei største miljøselskapa på Nordvestlandet og ein totalleverandør innan avfallsløysingar for nærings- og hushaldskundar. Selskapet legg vekt på ansvarleg og effektiv drift, og har 100 tilsette fordelt på innsamling, miljøstasjon, avfallsbehandling og administrasjon.
Vi jobbar kvar dag for å bidra til eit samfunn med mindre avfallsproduksjon og betre kjeldesortering. Når ressursane kjem til vårt anlegg, er det vesentleg med effektiv behandling og prosessar som bidrar til at verdiane i avfallet vert gjenvunne og på ny går inn i ein sirkulær verdikjede.
Attvin er eigd av kommunane Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Vestnes, Sykkylven, Haram og Stranda.
Attvin sin eigarstrategi har tre hovudmål:
- Gode og effektive tenester til innbyggjarane til akseptabel pris
- Lokal verdiskaping som sikrar avkastning på investerte verdiar
- Redusere klimautslepp, samt auke grad av gjenbruk og gjenvinning
Nøkkelord
forretningsutvikling, digitalisering, analytiker, dataanalytiker, data
(1/9)
- FINN-kode 359944127
- Sist endret
Lignende annonser
![twoday Norway logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/1/360/015/361_654a69ea-99f2-4141-8d86-998df4a4b619.png)
Vil du jobbe i et attraktivt kunnskapsmiljø på Campus Ålesund?
NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
![StudentConsulting Group logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/26/3/712/849/803_9fdab32b-ecf2-4c29-960c-345b32c6cf44.png)
![North Equity AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/4/360/695/454_72ad35a3-488d-4a6a-99c2-1043632f3dde.jpg)
![Gina Tricot logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/09/3/360/583/433_8e2cc0c7-da93-42ae-a5eb-7eb37d81696e.gif)
![SmartCraft Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/8/359/463/658_6cb19fa1-a904-446c-b72e-a17618a06510.png)
![Dipai logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/3/359/720/633_583471a2-e956-4780-b900-67f753b48571.png)
![Stokke AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/04/5/355/749/255_9b095396-944b-47b6-b761-3964e04177c2.jpg)
![Søre Sunnmøre IKT logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/4/359/605/854_999e3fd9-df40-4528-85bb-6e059a4fc93e.png)