Kunderådgjevar personmarknad
Sogn Sparebank
- Frist 15.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Kunderådgjevar personmarknad Bergen
Er du strukturert, framoverlent, god til å bygge tillit og nye relasjonar? Då vil me snakke med deg.
Vi søkjer deg som vil jobbe mot personmarknaden i Bergensområdet.
Dette vert dine viktigaste arbeidsoppgåver:
- Behovsretta og heilskapleg rådgjeving innan bank, forsikring, sparing og plassering
- Aktivt bidra til kryssal bank/forsikring/eigedomsmekling
- Kundeoppfølging og utvikling av eigen portefølje
- Aktivt skaffe nye kundar
Du har følgjande kvalifikasjonar:
- Du har relevant utdanning innan økonomi, men erfaring og god realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse.
- Det er ein fordel om du har relevante autorisasjonar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og rettleiar gjerne kundar i bruk av våre digitale løysingar både på norsk og engelsk.
Arbeidskvardagen i korte trekk
- Bygge og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar gjennom personleg oppfølging
- Skreddarsy dei beste løysingane for kvar enkelt kunde i ulike livsfasar
- Gjennomføring av rådgjevingssamtalar innan innan bank, forsikring, sparing og plassering
- Utadretta salsaktivitet
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, men samstundes ein medspelar som er oppteken av å spele andre på laget gode.
- Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å løfte banken sitt resultat
- Kundefokusert, og ser verdien av å skape dei beste kundeopplevingane
- God på å lytte og forstå kunden sine behov for å kome fram til den beste løysinga for kvar kunde
- Tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny kompetanse
Om arbeidsgiveren
Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.
Sogn Sparebank er aksjonær i Eika Gruppen AS. Eika Alliansen består av rundt 50 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, og har ein samla forvaltningskapital på om lag 450 milliardar kroner og 2 500 tilsette. Dette gjer Eika Alliansen til ein av dei største og viktigaste aktørane i den norske bankmarknaden. Med moderne digitale kundeløysingar og 170 bankkontor i 114 kommunar er lokalbankane til stades med avgjerande bidrag til vekst, utvikling og verdiskaping i sine lokalsamfunn.
Sogn Sparebank har eit stort mangfald av produkt innan forsikring, kreditt, sparing og økonomisk rådgjeving som blir gjeve tilbod om så vel private kundar som til bedrifter. Sparebanken og Eika arbeider heile tida med å utvikle produkta våre og tilpassar tenestene våre etter kundane sine behov.
Nøkkelord
relasjonsbygging, rådgjeving, bank
- FINN-kode 359969108
- Sist endret