![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2022/10/vertical-5/11/c/05c/b75/10-/494/e-1/1ed/-9c/b4-/399/2e3/f54/87c_677552019.jpg)
Spennande stilling som seksjonssjef hjå NAV Økonomiteneste - Bestilling og faktura
NAV
- Frist 31.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling som seksjonssjef hjå NAV Økonomiteneste - Bestilling og faktura
Ønskjer du å jobbe i ei stor og spennande verksemd med eit meiningsfylt samfunnsoppdrag? Vi ser etter deg som vil bidra til å gjere NAV Økonomiteneste til ein enda meir framtidsretta økonomifunksjon i åra framover. Vi er i full gang med å ta i bruk nye økonomiløysingar og legge til rette for ein stadig meir datadreven økonomistyring.
No treng vi ein leiar til å vere med på å drive denne utviklinga framover, samt sørge for at dagleg drift vert løyst effektivt og med høg kvalitet. Du får eit solid økonomifagleg kompetansemiljø med deg på laget, i eit godt arbeidsmiljø.
Vi har no ledig stilling som seksjonssjef for seksjon Bestilling og faktura som består av 16 dedikerte medarbeidarar. Seksjonen har ansvar for å handtere bestillings- og fakturaområdet i NAV og er sentralt fakturamottak for verksemda. Nokre av arbeidsoppgåvene til seksjonen er å:
- Behandle innkjøp i NAV , frå bestilling til betaling
- Delta aktivt i produktteamet for fullmakter, innkjøp og faktura i NAV
- Utarbeide og innrapportere meirverdiavgift (MVA) til Skatteetaten
- Vedlikehalde leverandørregister (OeBs )
- Diverse rekneskapsoppgåver for etaten
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er glad i både tal og menneske. Du bygger gode relasjonar og sikrar nødvendig forankring og samhandling. Vidare er du utviklingsorientert og bidreg aktivt til kontinuerleg forbetring og motiverer dei tilsette til fagleg utvikling. Du skapar engasjement og entusiasme for dei endringane som organisasjonen står ovanfor. Du evnar å jobbe både strategisk og operativt, og går strukturert til verks for å skaffe deg nødvendig fagkunnskap, som du brukar på overordna nivå.
Arbeidsoppgaver
Som seksjonssjef skal du:
- sørge for at seksjonen sine tenester blir levert effektivt, og med rett kvalitet.
- ha drifts- og personalansvar for seksjonen sine tilsette
- jobbe strategisk og utviklingsorientert både for eige fagområde, men også for NAV Økonomiteneste som verksemd
- samhandle tett med andre aktørar i NAV for å sikre både produktutvikling og drift
- rapportere til direktør og vere ein fast deltakar i leiargruppa
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis på masternivå. Lengre relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- Leiarerfaring, gjerne frå det offentlege.
- Særs god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk.
- Erfaring frå utviklings- og forbetringsarbeid.
- Kjenskap til økonomiregelverket i staten er ønskjeleg.
Personlige egenskaper
- Trygg og tillitsfull personalleiar
- Ryddig, strukturert og resultatorientert
- Strategisk og utviklingsorientert
- Gjennomslagskraft og gjennomføringsevne
- God på tverrgåande samhandling, bygge relasjonar og setje felles mål
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spanande oppgåver.
- Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar. Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida.
- Lønn som seksjonssjef i lønnsspenn 777900-919200 brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.
Om arbeidsgiveren
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Økonomi og regnskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ledelse, Økonomistyring, rekneskap, bestilling, faktura
- FINN-kode 359976834
- Sist endret
Lignende annonser
![NAV logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/05/9/364/225/489_0cb5a00a-ecd2-4e05-b9f1-732ecc577621.png)
Vil du vere med å skape framtidas kommune i Sogndal?
Sogndal kommune Sogndal kommune
![Hero Norge logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/08/9/364/378/299_4669984c-3d02-451d-9523-76ec89ce1ae0.jpg)
![NAV logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/05/6/364/196/826_ebcf390d-ef0e-4d6b-868d-89e49f3805b7.jpg)
![Coop Marked Fresvik logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/163018327/iad_5921699905205734815coop_nordvest_jpg-format.png)
![Sogn Sparebank logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/8/359/969/108_a94e5de0-7247-4ca9-bf17-5b0323b3136e.png)
![Extra Kaupanger logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/163018327/iad_5921699905205734815coop_nordvest_jpg-format.png)
![Maskinsenteret Vestland AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/18/9/357/750/469_f505a042-62e6-4945-8b7c-b47307fc7506.jpg)
![KIWI 860 Hermansverk logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/37451304/iad_573601655058443411900-kiwi-minipris-logo_mediumlarge.png)
![Avery Dennison NTP logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/0/360/803/950_3bd31d4c-1218-4624-80bb-48be67765047.png)