Spesialsjukepleiar til 100% stilling ved KRS, med moglegheiter for langvakter kvar 4. helg
Helse Bergen
- Frist 21.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Spesialsjukepleiar til 100 % fast stilling med moglegheit for langvakter
Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 100% stilling for spesialsjukepleiar.
Turnus er p.t. todelt, med arbeid kvar 3. helg.
Men vi er for tida i prosess med å etablere eit pilotprosjekt kor det, frå mars 2025, vil vere moglegheit for å ønske seg:
- Turnus slik den er i dag
- Langvakter 12,5 t. laurdags/søndag kvar 4. helg, med todelt turnus utanom
- Kun langvakter 12,5 t. i heile turnusen, med arbeid kvar 4. helg
Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein seksjon for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar. Den nye seksjonen har p.t. 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa gjev tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklings-forstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen driv rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.
Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar,hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Vernepleiar/sjukepleiar i KRS har medansvar, saman med resten av personalgruppa for å utvikle miljøterapi og saman med resten av leiinga etablere eit godt fungerande samarbeid med aktuelle instansar.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid/postmiljø
- Teamarbeid
- Observere og dokumentere
- Ansvarsvakt
- Administrere medisinsk behandling
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Praktiske oppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
- Relevant erfaring med pasientgruppa
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert
- Pasientorientert
- Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
- Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivast på jobb
- Fadderordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Psykiatri, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Spesialsykepleier, Psykiatri, Sykehus
- FINN-kode 359983898
- Sist endret