![Mattilsynet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/3/359/974/773_295d6571-9c20-402b-9c5b-4da71d3d0d64.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2016/9/vertical-5/23/7/02c/e23/50-/816/6-1/1e6/-8f/00-/6b7/ac9/d32/_731233470.jpg)
Tjenestedesigner
Statens vegvesen
- Frist 14.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å designa heilskaplege brukaropplevingar?
Er du den me ser etter?
Forretningsutvikling og innovasjon er ei nyoppretta avdeling og skal ha fokus på behovskartlegging og konseptutvikling for nye digitale initiativ, som ikkje naturleg høyrer heime i eksisterande porteføljar og produktområde. Du vil vera tilsett i Brukeropplevelse, men jobba i team til den nye avdelinga. Brukaroppleving består av 15 designarar med ulik erfaring og bakgrunn og som blir kjenneteikna av profesjonalitet, høge ambisjonar og ikkje minst eit drivande engasjement for å skapa gode løysingar som ikkje berre forenklar og forbetrar kvardagen for folk flest, men som også kan bidra til å redda liv og gjera trafikken sikrare.
Me ønskjer å styrkja laga med fleire designkollegaer og me søkjer no etter ein tenestedesignar som kan ta ei aktiv rolle i utvikling av ein meir proaktiv og heilskapleg brukaroppleving. Me ser etter deg som tør å utfordra det etablerte, er kreativ, utforskande og dyktig på å designa heilskaplege brukaropplevingar. Du har eit analytisk blikk, som tek høgd for utviklinga i samfunnet, moglegheitene i teknologien, forventningane frå omverda og korleis dette påverkar oss og dei tenestene me utviklar. Du har eit oppriktig ønske om å oppnå gode resultat saman med andre og det er eit pluss om du er ein god historieforteljar og kan formidla behov og visualisera løysingar ein inspirerande måte
- Liker å jobba med komplekse design- og innovasjonsutfordringar.
- Har god evne til å leia designdrivne innovasjonsprosessar og/eller smidig utviklingsarbeid.
- Kan navigera prosessar gjennom komplekse interessentlandskap.
- Har erfaring frå arbeid med design, innovasjon, strategi og endring i større verksemder, og har god forståing for samspelet mellom forretning, teknologi og menneske (brukarar)
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å leia innsikts og tenestedesignprosessar og initiativ saman med, og på tvers av, team, domene og etat.
- Gjennomføra innsiktarbeid, analyse, ide og konseptutvikling basert på brukarbehov og forretningsforståing.
- Utarbeida framtidige brukarreiser og konsept, strategiar og vegkart.
- Brukertesting
Du vil jobba mest med:
- Omsetja brukarbehov til solide konsept, brukarreiser og løysingar.
- Planlegge og fasilitera arbeidsmøte og formidla innsikt til ulike faggrupper gjennom visuell historieforteljing.
- Utarbeide visuelle kartleggingar av verdikjeder på tvers av system og arbeidsoppgåver for å identifisera avhengnader, smertepunkt og moglegheitsrom.
Andre oppgåver som kan vera aktuelle:
- Delta i strategisk planlegging av produktutviklinga på tvers av divisjonar/avdelingar/seksjonar.
- Bidra til oppbygginga av designmiljøet og formidling av faget i organisasjonen.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå (Omfattande og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning).
- Minimum 3 års erfaring frå tilsvarande stilling eller rolle.
- Sterk på gjennomføring av designprosessar og metode på ulike nivå.
- Sterk på kartlegging, analyse og hypotese.
- God visuell kommunikasjonsevne og dyktig på historieforteljing.
- Erfaring med systemorientertdesign eller tenestedesign på strategisk nivå.
- Evne til å navigera og byggja relasjonar i ei kompleks verksemd og etat.
- Ønskjeleg med erfaring frå å jobba med design og tverrfaglege team i større organisasjonar og i produktutviklingsløp med komplekse problemstillingar og mange interessentar.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Me trur du....
- har høy forretningsforståelse
- evner å være selvstendig, se muligheter og ta initiativ
- er analytisk og systematisk med god planleggings og gjennomføringsevne
- samarbeider godt med mennesker med ulik bakgrunn og kompetanse
- kommuniserer godt muntlig, skriftlig og visuelt på tvers av organisatorisk nivå og fagmiljø/er en dyktig kommunikator og kan formidle behov og løsninger på en inspirerende måte
Me tilbyr
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Aktuelle kontorstader for stillinga vil vera: Drammen, Bergen og Moss
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Kontaktperson
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med seksjonsleder, Evelyn Iversen på telefon 97167918, eller avdeingsdirektør, Linn Solbakken på telefon 98879579 for ein hyggjeleg samtale.
Om arbeidsgiveren
Divisjon IT har eit heilskapleg ansvar for at all digitalisering i Vegvesenet blir gjord framtidsretta, smidig og sikkert på tvers av fagområda til etaten. Divisjonen varetek utvikling av dei digitale kanalane til etaten og tenester, er ein partnar for fagsida og ein pådrivar for innovasjon og utvikling av nye, brukarvennlege løysingar. Fagsida blir støtta frå idé til realisering, med smidige prosjekt og leveransar.
Divisjonen har seks avdelingar: Styring IT, Utvikling IT, Produkter og tenester IT, Infrastruktur og drift IT, Forretningsutvikling og innovasjon IT og Brukernær IT. Divisjonen har over 350 medarbeidarar over heile landet, med hovudkontor i Drammen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Doktor Hansteins gate 9, 3044 Drammen
- Flere arbeidssteder: Skoggata 19, 1530 Moss, Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Design, Design / Interaksjonsdesign
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Tjenestedesigner, Front-end, interaksjonsdesign, brukeropplevelser, tjenestedesign
- FINN-kode 360031344
- Sist endret
Lignende annonser
![Mattilsynet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/3/359/974/773_295d6571-9c20-402b-9c5b-4da71d3d0d64.jpg)
![EGGS a part of Sopra Steria logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/7/359/568/727_215543d0-af49-4e9a-b706-ee954149f67f.jpg)
![Røde Kors logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/123427517/iad_7175185444233877878rode_4025670753233443204_medium.png)
![Politiets IT-enhet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/6/359/023/756_0775c6b5-77ec-4a25-b97b-aa48271695cc.jpg)
![Youwell AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/19/3/357/935/103_fb356c83-1be1-4b6c-92e0-cbb1a48b6593.png)
![GURUSOFT AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/06/7/360/091/567_2f86847f-5265-4457-a137-b85898bf0571.png)
![Norad logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/2/360/387/632_1272e98e-78fa-4161-a5cf-d834077d2aac.png)
![Framsikt AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/9/359/864/219_d161526c-e251-43d2-a124-b2261aab6bb0.png)
![NAV logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/8/360/386/248_d15242db-c0f1-4e9d-bfa6-b8df7b60a446.png)