Fengselsbetjent
Bergen fengsel
- Frist 11.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
Fengselsbetjent
Om stillinga
Vi aukar bemanninga og søkjer 15 fengselsbetjentar til faste stillingar.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og sakshandsaming. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanleggjing, miljøarbeid og programarbeid
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort, klasse B
Dersom det ikke er tilstrekkjeleg kvalifiserte søkjarar, åpnast det opp for vikariat i stillingskode 1078 betjent
Da må du ha
- bestått vidaregåande utdanning /generell studiekompetanse
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort, klasse B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- er fleksibel, tålar uføreseielegheit og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Det er ønskjeleg at du bidrar positivt til eit falgeg og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, parkering og kantine
- ein arbeidsplass med umiddelbar nærleik til natur-og fritidsaktivitetar såvel som nærleik til sentrum, lokalt næringsliv, skule og barnehagar.
- flyttekostnadar kan være aktuelt å vurdera
Stillinga vert løna som 0264 fengselsbetjent fra kr. 443 000 - 557 100 etter ansiennitet og kvalifikasjonar
evt. løna som 1078 betjent fra kr. 374 000 - 443 000 etter ansiennitet og kvalifikasjonar
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse..
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til administrasjonssjef Eirill Shin Nordvik Indrebø tlf. 55393752 eller HR - konsulent Torhild Torsvik tlf. 55393751
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 15
- Sted: Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje: Helse og omsorg, Politi og sikkerhet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet, Annet
- FINN-kode 360425911
- Sist endret