Trafikkoperatør
Statens vegvesen
- Frist 18.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli med på trafikksikkerheitsreisa som trafikkoperatør!
Om stillinga
Vi styrker laget og søkjer etter nye trafikkoperatørar på vegtrafikksentralen vest.
Vegtrafikksentralane (VTS) er Statens vegvesens operative beredskapseining og er bemanna døgnkontinuerleg - heile året. Dei har som nasjonal oppgåve å overvake og styre vegtrafikken for fylkeskommunane, Statens vegvesen og Nye veier. Dei varslar og formidlar informasjon om status og hendingar på vegnettet. Dei fem sentralane held til i Oslo, Porsgrunn, Bergen, Trondheim og Mosjøen, og overvaker kvart sitt geografiske område.
VTS er døgnopen, og alle trafikkoperatørar går turnus med arbeid kvar 3. helg, i ein 3-skiftsplan med vakter på føremiddag, ettermiddag og natt. I helgene er det 12 timars skift, med anten dag- eller nattarbeid. Turnus går fast gjennom året, utanom sommar, påske og jul. I desse periodane har vi avviksturnus, med 12 timars skift.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste oppgåvene til ein trafikkoperatør er styring og overvaking av vegnettet og vegtrafikken, og formidling av trafikkinformasjon. Trafikkmeldingane vi lagar om hinder på vegnettet, blir distribuerte via vegvesen.no/trafikk. VTS har i tillegg tett kontakt med media kvar dag og vi betener også publikumstelefonen 175. Ved hendingar skal VTS ta ansvar og setje i gang nødvendige tiltak. Det betyr utstrakt bruk av dataverktøy med loggføring, fjernstyring av tekniske installasjonar, handtering av tekniske alarmar og varsling og samhandling med entreprenørar og politiet.
Ved spesielle hendingar, som mellom anna trafikkulukker og hendingar i tunnel, vil ein trafikkoperatør kunne motta naudtelefonar, handtere mange oppgåver samtidig, og framleis ha evne til å vurdere situasjonar ut frå eit tryggleiksperspektiv. Dette krev tett samarbeid med medarbeidarar, naudetatar, entreprenørar, byggherrar og ein tett dialog med publikum og media. Du vil også yte beslutningsstøtte for drift og vedlikehald av veg og veginstallasjonar.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- minimum 2 år utdanning på høgskulenivå frå aktuelle fagretningar. Døme på desse kan vere ulike former for operativ utdanning, veg og trafikk, eller media/kommunikasjon. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for kravet til formell utdanning.
- god forståing og gode ferdigheiter i bruk av dataverktøy, kartverktøy og forståing for veg og trafikk.
- evne til å forstå og gi konsise meldingar munnleg på norsk og engelsk, og god skriftleg formuleringsevne er vesentleg for blant anna mottak av publikumstelefonar, naudtelefonar, pressehandtering, loggføring og handtering av spesielle hendingar.
- førarkort klasse B.
Dersom du har tatt hele eller deler av utdanningen din i utlandet, anbefaler vi en autorisert oversettelse av dine papirer og godkjenning fra HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Det er ønskjeleg med:
- erfaring frå liknande arbeidsoppgåver, samt vilje, evne og helst også erfaring frå turnusarbeid (spesielt natt). Alle operatørar inngår i ein fast turnus. Det er i utgangspunktet utfordrande med stor grad av tilrettelegging på grunn av turnusarbeid.
Med ønskje om jamnare kjønnsbalanse oppfordrast spesielt kvinner til å søkje stillinga jf. likestillings- og diskrimineringslova.
Arbeidet krev at du har god hørsel og godt syn (inkludert fargesyn). Helseerklæring må signerast.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er sjølvstendig, ansvarsfull og har evne til å ta initiativ for å oppnå resultat
- har gjennomføringsevne og evner å oppretthalde engasjement for å oppnå resultat
- evner å arbeide strukturert og systematisk ut frå prosedyrar og retningslinjer
- er analytisk, oppfattar det vesentlege og føretar sunne og rasjonelle val også i stressande situasjonar der oppgåver må prioriterast
- er utviklingsorientert, kjenner eigne styrkar og svakheiter og søker moglegheiter for eigen utvikling
- bidreg til utvikling ved å dele eigen fagekspertise
- har gode samarbeidseigenskapar og bidreg positivt inn i teamarbeid
Stort engasjement og faglig utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg. Dei som trivst og lykkast i stillinga, er komfortable med å styre og overvake vegnettet proaktivt, i tett kontakt med publikum og medarbeidarar ved bruk av nødvendig teknisk utstyr. Dei får energi av å omstille seg raskt for å ta ansvar for stressituasjonar som tidvis oppstår, dei handlar sjølvstendig, er tryggingsorienterte, arbeider metodisk, ser moglege konsekvensar av hendingar, tek beslutningar og kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner.
Våre trafikkoperatørar har svært ulik bakgrunn, frå for eksempel ulike typar overvaking- og kontrollromsoppgåver, tryggingsfaget, luftfart, politiet, olje- og gassnæringa, maritim sektor og media. Hos oss blir du ein del av eit engasjert og profesjonelt fagmiljø, som deler kunnskap og arbeider tett saman med kollegaer med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Medarbeidarar seier dei opplever ein spennande arbeidskvardag med samfunnsnyttige oppgåver og at stillinga gir god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr
Statens vegvesens obligatoriske opplæringsprogram for trafikkoperatørar, som består av lokal opplæring og Trafikkoperatørstudiet, som inneber noko reiseaktivitet og eigenstudium. Dette leier fram til autorisasjon gjennom ein teoretisk og ein praktisk prøve. Lønn blir avtalt nærmare i samsvar med vår lønnspolitikk. I denne stillinga blir tillegg for ubekvem arbeidstid utbetalt i henhold til gjeldande avtaleverk.
Pensjonsordning, yrkesskadeforsikring og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse. Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Om du høyrer til éin av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkerportalen. Avkryssingane i jobbsøkerportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt kontorsjef Morten Hansen på tlf. 950 99 601 eller kontorsjef Lene Westrheim på tlf. 984 15 913.
Om arbeidsgiveren
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet, Teknisk personell, Vakt og sikkerhet
Trafikkoperatørene hos oss jobber i kontrollrom døgnkontinuerlig gjennom hele året i turnus. Foto: RedAnt (1/4)
- FINN-kode 360435278
- Sist endret