![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/3/vertical-5/11/4/2b4/a3d/20-/df9/9-1/1ee/-a1/4e-/eda/aa0/545/7d4_1905171974.jpg)
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Bufetat
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Kommunikasjonsrådgjevar
Vi rekrutterar, gjer opplæring og formidlar fosterheim til barn som treng ein ny trygg heim. Har du erfaring og kompetanse innan kommunikasjon og ønskjer å bidra til vårt viktige samfunnsoppdrag i fosterheimtenesta?
Ved Fosterheimstenesten i Bufetat, region vest, avdeling Bergen, er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar.
Avdeling Bergen er del av ei regional eining, saman med Stavanger, Haugesund og Førde, med til saman ca 61 årsverk.
Hos oss vil du vere del av eit spennande fagmiljø med eit stort og engasjerande samfunnsoppdrag. Fosterheimsområdet er i utvikling, og vi i fosterheimtenesta søker derfor ei utadvent, entusiastisk og kreativ kollega, med vilje til å stå på saman med oss.
Vi held til i Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene dine blir varierte:
- Bidra i kampanjar for å rekruttera fosterheimar
- Planleggja og holde digitale informasjonsmøte for familiar som kanskje vil bli fosterheim
- Følge opp familiar som vurderer å bli fosterheim
- Skriva nyheitsbrev, utarbeida informasjonsmateriell
- Vera med på og leia forbetringsprosjekt og anna utviklingsarbeid
- Samarbeid med barneverntenester om rekrutteringsaktivitetar
- Samt mykje anna.
Kvalifikasjonar
Du har utdanning på bachelornivå, til dømes innan marknadsføring, kundeservice, media, design, innovasjon, eller noko heilt anna.
Mange hos oss har sosialfagleg utdanning. Derfor kan du gjerne ha ein annan bakgrunn, men relevant praksis og dei rette personlege eigenskapane er det aller viktigaste for oss.
Personlege eigenskapar
Vi treng ein ny kollega med annan kompetanse enn det vi har frå før i fosterheimstenesta. Kunnskap og erfaring frå kundeservice er viktig for oss.
Her er ønskjer for vår nye kollega:
- Tar initiativ og er pådrivar i teamet, og leverer godt og raskt på oppgåvene.
- Har ein god porsjon seljareigenskapar- du kan god kundeoppfølging
- God visuell/grafisk kompetanse og erfaring.
- Godt over snitt på digital kompetanse og nysgjerrigheit.
- Sterk skriftleg og munnleg på norsk.
- Erfaring med prosjektarbeid.
- Forstår at godt samarbeid er avgjerande for å få resultat.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode1408 førstekonsulent p.t. kr 472 900 - 575 400 (ltr. 46- 59),
1434 Rådgjevar, p.t. kr 565 900 - 667 700pr. år (ltr. 58-68) eller 1364 Seniorrådgjevar, p.t. kr 624 500 - 692 400 pr.år (ltr. 64-70). - Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber en god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
- I tillegg kan vi tilby eit engasjert og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling, og samarbeid med gode og erfarne kollegaer.
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Fosterheimtenesta, avd. Bergen
Vi ønskjer lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig. - Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, PR, informasjon og kommunikasjon, Markedsføring og annonsering
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Omsorg og sosialt arbeid, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kommunikasjonsrådgjevar, Barnevern, media, sal, rådgiver
- FINN-kode 360501468
- Sist endret
Lignende annonser
![Hordaland friomsorgskontor logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1623336320/iad_2847496983460934581kriminalomsorgen.png)
![Seatrans Gruppen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/9/358/666/539_63532d7f-19d6-4470-bab3-3dad93447593.jpg)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/25/0/359/840/860_b81f4309-952e-40d3-bee9-58083217aa70.jpg)
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/0/359/079/620_da476824-edb6-4122-bb6f-f9d980134d44.png)
![VIS- Vestlandets Innovasjonsselskap AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/8/358/673/358_687771f1-9a85-4833-b85e-6728ed911a45.png)
![Oceanspace Media AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/09/5/360/546/805_db4a234c-495c-4bca-9954-8213f66b177a.png)
![NORD-VIK, NORDISKE LÆGEVIKARER APS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/6/360/917/816_05ee1f7c-58d6-4ed7-bdfd-b00d50b7240b.jpg)
![KFUK-KFUM Norge logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/26/8/362/737/348_da703be0-7266-4c04-b53f-53eadeefe082.png)
![Digitroll AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/7/359/039/257_f64cb3f7-fa6f-49e8-a702-b36ac32ecfd1.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)