Undervisningsleiar - 100% vikariat
Alver kommune
- Frist 28.07.2024
- Ansettelsesform Vikariat
VIl du arbeide på skulen vår?
Undervisningsleiar - 100% vikariat
Om stillinga
Ved Knarvik ungdomsskule er det i perioden 01.08.24 - 31.12.24 ledig 100% stilling som undervisningsleiar
Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har om lag 400 elevar og 50 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT skule.
Arbeidsoppgåver
Som undervisningsleiar er du ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor og to andre undervisningsleiarar.
Du vil ha hovudansvar for 8. trinn. Det vil sei at du, saman med rektor, skal leie dei utviklingsprosessane teamet til ein kvar tid jobbar med, i tillegg til å sikre den daglege drifta på steget. Du vil ha oppfølgingsansvar for dei elevane som soknar til steget og du vil ha delegert personalansvar for dei pedagogane som jobbar på steget.
Andre leiaroppgåver vil bli fordelt mellom rektor og undervisningsleiarane etter kompetanse og ønskje.
Det vil ligge om lag 30% undervisning til stillinga. undervisningsleiarane på skulen har òg ansvar for fråværsoppfølging etter turnus.
Kvalifikasjonskrav
Kompetansekrav
Søkjarar må ha relevant pedagogisk utdanning og arbeidserfaring frå ungdomsskule. Vi vil også legge vekt på relevant leiarutdanning og erfaring. Ved tilsetjing må søkjar kunne framvise politiattest av nyare dato, dette i samsvar med opplæringslova.
Ønskt kompetanse
Vi ønskjer undervisningsleiar som, sjølv i ein hektisk kvardag, evner å møte kvar einskilde elev og medarbeidar der dei er. Du må kunne delta i, og legge til rette for, utviklingsprosessar og kvalitetssikring med fokus på elevane si læring i klasserommet. Du må være opptatt av å skape gode relasjonar til elevar, tilsette og føresette. Godt humør og evne til å le er eigenskapar vi sett høgt på skulen.
Søkjarane bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk, god skriftleg og munnleg formidlingsevne og gode kommunikasjonsevner opp i mot elevar, føresette og medarbeidarar.
Dei som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, være løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne og arbeidskapasitet.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
Ein dynamisk arbeidsplass med dyktige og rause medarbeidarar, flott og ivrig ungdom og ei engasjert og kompetent leiargruppe.
Relevant vidareutdanning.
Løn etter avtale.
Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!
Om arbeidsgiveren
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Inspektør
- FINN-kode 360542341
- Sist endret