Førstekonsulent
Universitetet i Bergen
- Frist 24.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Førstekonsulent (studiekonsulent) ved Institutt for klinisk odontologi
Førstekonsulent (studiekonsulent) ved Institutt for klinisk odontologi
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei spennande stilling som førstekonsulent (100 %) med tilsetjing snarast. Stillinga er knyta til to eksternfinansierte studieprogram, Spesialistutdanninga i odontologi og Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning frå land utanfor EU og EØS.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing.
- Dagleg administrativ drift av programma, inkludert opptak, timeplanleggjing og eksamensarbeid.
- Studentkontakt med rettleiing og informasjonsarbeid.
- Kontakt med oppdragsgjevar, i form av årleg tilskuddssøknad og rapportering.
Førebu sakar til Programutvalet for odontologiske fag.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav.
- Gode kommunikasjonsevner.
- God generell IT-kompetanse er eit krav. Det er en føremon med kjennskap til administrative verktøy som t.d. FS.
- Det er ein føremon med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
- Personlege eigenskapar vil verte sterkt vektlagt.
Vi søkjer ein person som:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er nærverande og engasjert.
- Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
Er fleksibel, initiativrik og service-innstilt.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er
naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Løn som førstekonsulent (kode 1408) er for tida kr 509 300 - 540 500 (lønssteg 51 - 55). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Signe Solberg, telefon 915 60 933.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Saksbehandler
- FINN-kode 360595165
- Sist endret