Assisterande seksjonsleiar ved Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO)
Helse Bergen
- Frist 31.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Assisterande seksjonsleiar ved Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO)
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smertebehandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdelinger, der ei av avdelingene er Intensiv og postoperativ avdeling med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal- og resultatansvar.
Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakningsseksjon (TIO) overvakar mest pasientar etter hjarte- og thoraxkirurgi, men og karkirurgiske pasientar opererte på den høgteknologiske hybridstua. Seksjonen har og ansvaret for å overvake pasientar etter robotkirurgi. Det blir utført avansert intensivbehandling ved seksjonen, som til dømes ECMO og hemofiltrasjon. Seksjonen har 10 sengeplassar og held til i lyse, moderne lokale i Sentralblokka. Seksjonen har om lag 60 tilsette som i hovudsak er sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar.
Som assisterande seksjonsleiar er du seksjonsleiars stedfortreder og inngår i seksjonens leiarteam.
Vi søkjer ein engasjert og løysingsorientert person som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp den daglege drifta ved seksjonen i samarbeid med seksjonsleiar
- Bistå seksjonsleiar i administrativ og fagleg leiing av seksjonen
- Delta i det daglege arbeidet ved seksjonen etter behov
- Arbeid med turnusplanar
- Tilrettelegging for utdanning av intensivsjukepleiarstudentar og andre studentar i samarbeid med høgskule og universitet
- Samarbeid på tvers av seksjonane i avdelinga
- Stedfortreder for seksjonsleiar ved behov
Kvalifikasjonar
- Vidareutdanning innan sjukepleie er ønskjeleg
- Kunnskap om og erfaring frå intensiv- og postoperativ behandling er ønskjeleg
- Det er ein fordel med leiarutdanning eller leiarerfaring
- Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og nivå i helsetenesta
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Trivst med å arbeide i tverrfagleg team
- Er sjølvstendig og trygg i arbeidet. Skaper tillit og gode relasjoner med andre
- Tar ansvar og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
- Er handlekraftig, lojal, samarbeidsvillig og inkluderande
- Er resultatorientert og bidrar til det beste for seksjonen
- Arbeider strukturert og er fleksibel i forhold til oppgåver
- Har ein god kommunikasjon med tilsette og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Inkluderende arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, Intensiv, Intensivsykepleie
- FINN-kode 360648622
- Sist endret