Kokk
Stangeland Gård AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Kokekyndig driftsmedarbeider
Er du ein fleksibel kokk med erfaring frå restaurant/catering/kantine som ynskjer ein variert kvardag?
Me er i starten av eit spanande eventyr og ser etter ein person som lagar god mat, og som samtidig kan vera med å handtera driftsmessige oppgåver som overnatting og servering krev. Noko kvelds- og helgejobbing må reknast med.
Hovudoppgåvene vil vera;
o forbereda og laga varm og kald mat
o planleggje innkjøp og berekna pris
o behandla råvarer
o vera ansvarleg for at kjøkkendrift/pub/servering skjer iht lover og regler
o vera ansvarleg for konseptutvikling og planlegging av menyar
o vask og reinhald
Tilleggsoppgåver vil vera;
o delta ved behov med andre driftsmessige oppgåver knytt til o vernatting/servering/arrangement
o delta med å utvikla og driva inntektsgivande aktivitetar
o delta i budsjettprosess
Som person ynskjer me at du er initiativrik, uthaldande, utadvent og sjølvgåande. Du ser kva som må gjerast og bidreg der da trengs. Smilande, imøtekommande og gjestfri – du må ha indre motivasjon og drivkraft til å skapa ei flott oppleving for gjestane. Økonomisk sans er ein fordel.
100% Stilling (stillingsprosent kan diskuterast)
Arbeidsplass: Stangeland Gard på Stolmen
Me kan hjelpa til med å finne bustad om du ikkje kjem frå Austevoll.
Om arbeidsgiveren
Stangeland Gard er ein gjestegard i Austevoll, på vakre Stolmen og har eksistert ei god stund med same type drift. No har plassen fått nye eigarar som ynskjer å skapa ein overnatting og serveringsstad med gode tradisjonsrike kvalitetar for både lokale og tilreisande. Her er det moglegheit for å vera med å byggja eit solid og spanande konsept frå spede byrjing. Garden har eit hovudhus med 4-5 soverom og godkjent industrikjøken, pub i kjellaren, ei løa plass til 60 personar med utstyrt til møte og konferansar, drivhus/hage på tunet og på sikt gardsbutikk med utleige av badestamp, kajakkar, SUP, syklar og anna.
Vår visjon er at dei som vitjar oss kjem tilbake, heim til oss!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Stangelandsvegen 3, 5398 Stolmen
- Bransje: Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Mat og servering
Nøkkelord
mat, kafédrift, Kokk
(1/3)
- FINN-kode 360849704
- Sist endret