![Eide logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/9/360/702/709_ba069598-c56b-4e76-b82f-38fde717535c.jpg)
![Bremnes Seashore logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/12/8/360/916/188_8797307d-85cb-4822-baf8-9472ad4834e3.jpg)
Senior nettverkskonsulent
Bremnes Seashore
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Senior nettverkskonsulent
Har du lyst å jobbe med komplekse nettverksløysingar på ein framoverlent IT-avdeling i ei spennande bedrift?
Då kan du vere nettverkskonsulenten me leitar etter! Bremnes Seashore skal styrke IT-avdelinga med ein senior nettverkskonsulent, og søkjer ein nettverkskonsulent med en solid bakgrunn og ekspertise innan nettverksinfrastruktur og kommunikasjonsteknologi. Du vil spele ei nøkkelrolle i drift og optimalisering av nettverka i verksemda, sikkert og i tråd med dei ulike forretningseiningane sine behov. Du blir del av ein IT-avdeling som driftar alt frå nettverk til brukarstøtte, serverar og infrastruktur, og som driv prosjektutvikling av alt frå mindre system til integrasjonar.
Hos oss kan du fokusere og bygge kompetanse innan nettverk, men òg utvikle deg innan andre område du har interesse for. Avdelinga er i vekst, og me ønskjer deg som vil vere med å løfte IT i Bremnes Seashore ytterlegare og vere del av ein avdeling som har det kjekt på jobb, og hjelper kvarandre til å lære meir og bli betre i lag.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre nettverksanalysar og vurderingar for å identifisere behov og moglegheiter for forbetringar
- Designe og implementere nettverksløysingar på eit trygg og god måte
- Konfigurere, overvåke og vedlikehalde nettverksutstyr og infrastruktur.
- Vere ekspert på alt frå ruterar og svitsjer til brannmurar og trådlause tilgangspunkt
- Feilsøke og løysa komplekse nettverksproblem i samarbeid med vårt dedikerte team.
- Implementere sikkerhetstiltak for å beskytte nettverksinfrastrukturen mot truslar og angrep.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan IT, datakommunikasjon eller liknande
- Minimum 3 – 5 års erfaring som nettverkskonsulent eller tilsvarande
- Erfaring med konfigurasjon og administrasjon av nettverksutstyr
- Dyktig innan nettverkssikkerhet og har kjennskap til sikkerhetsløysingar.
- God på å analysere komplekse nettverksproblem og finne effektive løysingar
Personlege eigenskapar
- Trives godt i team, men kan jobbe strukturert aleine
- Tek ansvar og brenn for å levere høg kvalitet
- Framoverlent og likar å ta ansvar
- Likar å lære nye ting
- God på å lytte til og forstå andre sine utfordringar/behov
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande rolle i ein bransje som er i sterk utvikling
- Faglege utfordringar og høve til å utvikla deg personleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Nøkkelord
nettverkskonsulent
- FINN-kode 360916188
- Sist endret
Lignende annonser
![Eide logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/9/360/702/709_ba069598-c56b-4e76-b82f-38fde717535c.jpg)
![Bremnes Seashore logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/2/359/836/262_0ce8b4ba-d03e-4b1b-a78f-c8430cfdf8bc.jpg)
![Extra Bremnes logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1327281980/iad_2121552250441324711coop_extra_logo.png)
![Add Persona AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/13/9/357/106/599_7e3afb69-f2c8-4898-835c-27642a7a4994.jpg)
![Normal Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/7/359/989/157_f8a22bb4-105e-4e68-9369-e4828b15228a.jpg)
![Personalhuset logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1117069714/iad_548791157859928360personalhuset_logo_gr_nn_2018.png)
![Wärtsilä Norway AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/13/8/357/068/858_09cf1746-9c5f-47fd-8a52-52bc529bfb42.jpg)
![Leirvik AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/9/358/831/639_d5427d6d-a674-4d17-ac09-6ced8df01699.jpg)
![Bremnes Idrettslag logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/17/9/357/624/909_de446ee0-711b-4c38-b623-c833624c5432.png)
![Stord Hotell Drift AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/22/6/358/275/226_7065b809-ae25-4b24-bef6-707ed8661f4b.png)