![Agnar Skåtun AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/8/360/947/938_563dcd1d-5da7-44fd-a579-5a8ec33251ea.jpg)
100% fast stilling som ingeniør
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
- Frist 23.08.2024
- Ansettelsesform Fast
100% fast stilling som ingeniør
Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi åv ere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.
Vi har oppgåver innan utvikling av den tekniske infrastrukturen, både for eksisterande VA-nett og for nyanlegg. Vi treng derfor fleire motiverte medarbeidarar som skal jobbe med forvaltning, drift og vedlikehald innan VA-området på eining for Samferdsle og VA.
Arbeidsstad
Mobergsbakken 5209 Os, OHARA Administrasjonsbygg Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune er heilt avhengig av god og sikker vassforsyning og avløpssystem som fungerer godt. og nytt hovudavløp/reinseanlegg (OHARA) blei opna i 2019.
Arbeidsoppgåver
- Pådrivar for å sikra effektiv drift og vedlikehald av VA-anlegg
- Leverandøroppfølging
- Overordna ansvar for drift av kommunale reinseanlegg
- Forvaltningsoppgåver innan vatn- og avløpsområdet (saksbehandling)
- Overordna ansvar for vassforvalting og samordning innan kommunen
- Oppfølging av utsleppsløyve og krava gitt i det
- All rapportering innan avløp
Kvalifikasjonar
- Master- (sivilingeniør) eller bachelorgrad (ingeniør) i VA-fag
- Lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning
- Søkjar må ha kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
- Førarkort klasse B
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Kven er du
- Må like å ta ansvar og ha evne til å jobbe sjølvstendig
- Du er løysingsorientert og arbeidar strukturert
- Gode samarbeidseigenskapar
- God gjennomføringsevne
- Må være fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev dette
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Varierte oppgåver i ein organisasjon med store og interessante utviklingsprosjekt
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
- Bransje: VVS, Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Ingeniør / Vann- og miljøteknikk, Ingeniør
Nøkkelord
ingeniør, samferdsel, VA, Os, Bjørnafjorden
- FINN-kode 360931494
- Sist endret
Lignende annonser
![Agnar Skåtun AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/8/360/947/938_563dcd1d-5da7-44fd-a579-5a8ec33251ea.jpg)
![Framo Fusa AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/08/3/322/810/413_057fc7e0-9be7-4b9a-8ff2-5b79a6ec805c.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/28/9/359/070/569_232d0aba-f951-4d12-b87e-34c030b65eb5.jpg)
![Eide logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/5/359/328/815_347f8884-542a-4b8a-85e4-765d57a279d7.jpg)
![Fusa Elektro AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/03/7/355/578/467_4b08d8aa-2b27-40a8-b95a-2b21cb470282.jpg)
![Bjørnafjorden kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/4/358/043/144_4a80a023-fa57-46d6-a98e-7a45fa24e98c.png)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/5/360/920/385_61d6a540-e556-4905-9074-6464fcbe532d.jpg)
![Framo Fusa AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2023/12/vertical-0/01/2/325/752/282_429149609.jpg)
![JYSK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/27/7/358/940/457_11bce192-309d-4943-a796-51980179db37.jpg)
Helsefagarbeidar 26 % helg - natt
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
![Framo Fusa AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2022/12/vertical-0/22/2/285/257/902_1898466097.jpg)