Rådgjevar - statistikk kliniske studiar
Helse Bergen
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar innan statistikk - kliniske studiar
Vil du å bli ein av våre nøkkelspelarar innan statistisk rådgjeving for kliniske studiar?
Haukeland universitetssjukehus søker etter ein dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Stillinga vil inngå eit tverrfagleg team som vil gi eit heilskapleg tilbod om forskingstøtte. Som statistikar har du ei viktig rolle i å rådgje forskarar i klinisk forskingsmetodikk slik at dei sikrar høg kvalitet og dataintegritet.
Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon i Forskings- og utviklingsavdelinga. Seksjonen har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 65 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, statistikk, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning. Seksjonen sørger for at føretaket har eit praktisk og effektivt system for klinisk forsking, og leverer tenester både lokalt, regionalt og nasjonalt. Eit døme på sistnemnde, er det norske forskingsstøttenettverket for kliniske studiar, NorCRIN (Norwegian Clinical Research Infrastructures Network), som vi leier.
Vi vil no styrke arbeidet med statistisk rådgjeving i kliniske studiar, og treng ein medarbeidar som har særskilt interesse for, og er god til å rådgje forskarar, forskargrupper eller forskingsprosjekt i statistikk.
Arbeidsoppgåver
- Statistisk rådgjeving til forskarar (studiedesign, styrkeberekning, randomisering, datainnsamling, tilarbeiding av data, gjennomføring av statistiske analyser, kvalitetskontroll etc.).
- Programmering, til dømes i Stata, SPSS, R, JavaScript.
- Hjelp til oppsett og kvalitetssikring av system for datainnsamling (til dømes VieDoc) for kliniske studiar i samarbeid med forskarar.
- Gi råd til kliniske utprøvarar og forskargrupper i tråd med gjeldande nasjonalt og internasjonalt regelverk, og bidra i utarbeiding av god praksis, t.d. Good Clinical Practice og ICH-GCP, Standard Operating Procedures (SOP), god statistisk praksis (GSP) og malar.
- Bidra i opplæring med hensikt å auke kompetansen til forskarane i bruken av statistiske metodar i kliniske studiar.
- Noko reising vil bli naudsynt.
- Andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon.
Kvalifikasjonar
- Formell utdanning mastergrad i statistikk eller annan relevant utdanningsbakgrunn. Dokumentert lang erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Erfaring med datahandtering og statistiske programpakkar (Stata, SPSS, R – andre programmeringsspråk i tillegg er ein fordel).
- Erfaring med statistiske metodar i klinisk forsking er ønskeleg.
- Erfaring med prosjektarbeid, undervisning, møteleiing og teamarbeid er ønskeleg.
- Særs gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk og engelsk, slik at du snakkar og skriv klart, kortfatta og korrekt.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
- Serviceinnstilt og lett å samarbeide med, også i team på tvers av fag
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst med høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere og gjennomføre oppgåvene
- Systematisk, nøyaktig og fleksibel
- Evne og vilje til å sette deg inn i nye verktøy og metodar Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap
Vi tilbyr
- Fast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokale på Haukelandsområdet
- Fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg, Annet
- Stillingsfunksjon: Analyse, Rådgivning, Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
statistikk, rådgivning, kliniske studier, statistisk analyse
- FINN-kode 360953365
- Sist endret