![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Økonomirådgivar
Helse Bergen
- Frist 06.08.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Økonomirådgivar
Arealforvaltning har 11 årsverk med to einingar, Arealkontoret og Bustadkontoret. Arealkontoret har ansvar for arealplanlegging og tildeling av areal med utgangspunkt i arealdelplanen til Helse Bergen HF. Eininga forhandlar og følger opp interne og eksterne leigeavtalar, har ansvar for kjøp og sal av eigedom og all skilting i føretaket. Bustadkontoret er ansvarleg for utleige, drift og vedlikehald av alle bustader til helseføretaket. Avdelinga har eit budsjett på om lag 500 millionar kroner der internleige utgjer ein stor del av budsjettet.
Arealforvaltning søker etter ein positiv og dyktig medarbeidar til vikariat i 100% stilling frem til 31.8.2025 som økonomirådgivar i avdelinga. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.
Som økonomirådgivar ved Arealforvaltning vil dine arbeidsoppgåver blant anna vere
- Budsjettering, rekneskapsoppfølging, økonomistyring på avdelingsnivå
- Rådgiving på økonomiområde til leiarar i avdelinga med budsjettansvar
- Innkjøp
- Fakturering av interne og eksterne leietakarar
- Oppfølging av interne leietakarar
- Fagutvikling innan arbeidsområdet
- Utarbeide prognosar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgare økonomiutdanning
- Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
- Erfaring frå arbeid med budsjett- og økonomistyring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framtillingsevne
- Erfaring med økonomisystemet SAP Libra vil vere ein fordel
- God økonomi- og rekneskapforståing
- God Excel-kunnskap
- Søkjar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig, strukturert og påliteleg
- Liker å jobba både sjølvstendig og i team
- Godt humør
- Bidreg inn til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr deg
- Lønn etter avtale og god pensjonsordning
- Fleksitid
- Tilgang til interne og eksterne kurs
- Eit godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 32, 5096 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap / Regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 361294990
- Sist endret
Lignende annonser
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
Fast stilling som økonomi- og administrasjonsansvarleg i Bioteknologirådet
Bioteknologirådet
![Osland Havbruk AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/1/359/971/591_e018c333-fc30-4320-8432-9af3b7e11d23.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Osland Havbruk AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/4/359/970/434_fdda4992-2d4e-401a-909b-8492c29cd955.png)
![Aider AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/3/vertical-0/23/4/345/286/744_ada09139-013f-4c3a-8bfb-330a451f1614.png)
![Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage) logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/3/360/581/943_051ea6a4-354f-43a1-9d4b-bbffea3ed1c5.jpg)
Er du vår nye senior økonomirådgiver?
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage)
![Eminent People AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1060779606/eminent_logo_1_2325739358216990342.png)
![Drevelin ortopedi as logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/3/360/833/303_406f94f9-ff81-43c2-ac45-aba1fdcf84a3.jpg)