Vil du bidra til at pengar til gode formål blir godt forvalta?
Bufdir
- Frist 19.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til at pengar til gode formål blir godt forvalta?
Fast stilling (100 %) som rådgjevar/seniorrådgjevar - tilskot
Oppstart så raskt som praktisk mogleg
Kva får du jobbe med hjå oss?
Du får gode kollegaer i ei stor og spennande avdeling med eit godt arbeidsmiljø.
Bufdir forvaltar tilskot til frivillige organisasjonar, stiftingar, kommunar og andre aktørar. Tilskotsordningane er mellom anna retta mot barn og unge, familiar og par, likestilling, deltaking, ikkje-diskriminering, inkludering og vald i nære relasjonar.
Arbeidsområdet er knytt til Bufdir si tilskotsforvalting. Dette inneber sakshandsaming av søknadar og rapportar, kontroll av rekneskap samt oppfylging av dei som får tilskot (råd og rettleiing). Direktoratet gir råd til ulike departement om utforming av tilskotsordningane og rapporterer om måla vert nådd. Oppgåvene kan vere knytt til tilskotsordningar på fleire av Bufdir sine fagområde.
Som medarbeidar får du ein jobb der du verkeleg ser resultat av arbeidet ditt. I avdeling for tilskot blir du ein del av eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Kollegaene dine har variert utdanning og erfaring. Når du jobbar hjå oss, vil du i periodar oppleve stort arbeidspress og høge krav til effektivitet, noko vi trur du vil trivast med fordi du har godt humør og tek ting raskt.
Kva slags bakgrunn har du?
Du må ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, helst innan samfunnsvitskaplege fag på mastergradnivå. Du har erfaring og kompetanse på nokre av fagområda der Bufdir forvaltar tilskot. Vi legg stor vekt på at du har jobba med tilskotsforvalting i staten dei seinare åra. Anna erfaring med tilskotsforvaltning vil òg vere positivt. Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid med, eller kunnskap om, utsette grupper og familiar (utfordringar knytt til levekår) i kommunal samanheng. Har du erfaring frå frivillige organisasjonar og dei som jobbar for og med våre målgrupper tel det òg positivt. Erfaring med rettleiing, informasjonsarbeid, kontrollarbeid og budsjett/rekneskap set vi òg stor pris på.
Du viser godt forvaltingsskjøn og har kjennskap til reglement, lov- og regelverk på tilskuddsområdet, samt det politiske landskapet stillinga opererer i. Du kan legge fram ei sak ryddig både skriftleg og munnleg. Du skal ha god erfaring med bruk av elektroniske system og programvare som trengst i ein moderne arbeidskvardag. Relevant erfaring og kompetanse med programvare vi nyttar i Bufdir generelt, og i tilskotsforvatninga spesielt, er spesielt nyttig og vert tillagt stor vekt.
For å bli vurdert som seniorrådgjevar krevst det lang erfaring og høg kompetanse på krava over.
Kva for person ser vi etter?
Du likar å samarbeide med andre og er tydeleg på kva du forventar. Du vil ha kontakt med dei som søkjer tilskot og som vil ha råd og rettleiing, så du er serviceinnstilt, tolmodig og har ei positiv haldning. Du jobbar systematisk og effektivt og har orden i sakene dine òg i travle tider. Arbeidsoppgåvene vil variere, og du er fleksibel og trivst med både rutine- og utviklingsarbeid. I ein hektisk arbeidskvardag er det avgjerande med eit godt arbeidsmiljø. Difor er òg kva du kan tilføre arbeidsmiljøet særs viktig for oss.
Kva får du hjå oss?
Har du lese heilt hit, vonar vi at jobben er interessant for deg. Sidan vi er eit direktorat, kan vi ikkje tilby deg firmabil og bonusar. Men til gjengjeld får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv. Men du får sjølvsagt òg løn! Nøyaktig kor mykje du får i året, kjem an på kvalifikasjonane dine, men ho vil liggje mellom 524 700 - 750 000 kroner. Du vil få stillingskoden seniorrådgjevar eller rådgjevar. Er du rasande flink, kan høgare løn vurderast.
I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten, det vil mellom anna seie fleksitid og sumartid. Du får òg medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får òg høve til å trene i arbeidstida.
Har du relevante spørsmål om stillinga, kan du kontakte avdelingsdirektør Terje B. Grytten på telefon 466 15 147.
Les dette før du søkjer!
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Bortsett frå å velje ut dei rette kandidatane nyttar me ikkje avkryssinga til noko anna enn anonymisert statistikk.
Du kan be om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dette må du i tilfelle grunngje. Vi tek kontakt med deg om ynsket ditt ikkje vert teke til følgje.
Om arbeidsgiveren
Vi jobber med likestilling og ikke-diskriminering og utjevning av levekårsforskjeller slik at alle skal kunne få de samme mulighetene til å delta i samfunnet uavhengig av blant annet alder, kjønnsidentitet, seksuell identitet eller funksjonsnivå. Vi gjør mye, og framover vil vi gjøre enda mer. Derfor trenger vi fler på laget – vil du være med? Les mer om oss på bufdir.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 0663 Oslo
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Forvaltning, Tilskudd, Rådgivning, Samfunnsviter, Offentlig
- FINN-kode 362866832
- Sist endret