Fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med hovudansvar for å styrke norskopplæringa
Språkrådet
- Frist 29.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ei nøkkelrolle i Språkrådets arbeid med å styrke norsk språk i opplæringa?
I Språkrådet har vi ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar. Som tilsett i denne stillinga får du hovudansvaret for arbeidet vårt med å styrke opplæringa i og på nynorsk og bokmål i heile opplæringsløpet, frå barnehage til vidaregåande opplæring.
Arbeidsoppgåver
På dette området må Språkrådet samarbeide med andre aktørar for å sikre at språkopplæringa i skolen følgjer politiske føringar og er i tråd med gjeldande språkpolitikk. Vi ser difor etter ein rådgivar/seniorrådgivar med kunnskap om opplæringssystemet og godt oversyn over aktørane på opplæringsfeltet og deira roller og ansvar.
Konkrete arbeidsoppgåver er å
- samarbeide med og påverke styresmakter og andre aktørar for å sikre at barn og unge får oppfylt rettane sine til opplæring i og på bokmål og nynorsk
- samle inn, systematisere og presentere kunnskap om korleis sentrale og lokale styresmakter arbeider for at barn og unge skal få god opplæring i nynorsk og bokmål, og særleg nynorsk
- sette språk i opplæringa på dagsordenen, til dømes gjennom arrangement og medieutspel
- svare på spørsmål om språklova og språklege rettar i opplæringssektoren (sakshandsaming)
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- høgare utdanning, minst på mastergradsnivå eller tilsvarande
- erfaring med utdanningssektoren, gjerne frå departement, direktorat, organisasjonslivet eller frå kommuneadministrasjon
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- god kompetanse i bokmål og nynorsk
Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.
Personlige eigenskapar
Vi er på jakt etter deg som
- har interesse for språkpolitikk og utdanningspolitikk
- har god samfunnsforståing og rolleforståing
- har gode samarbeidsevner og likar utetterretta arbeid
- kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- trivst med høgt tempo
- er god til å arbeide strategisk og kan sjå heilskapen i arbeidet
Vi tilbyr
- interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit hyggeleg og sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- fagleg utvikling
- moderne og trivelege kontorlokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering og kort veg til kollektivnettet i Oslo
- subsidiert kantine
- fleksibel arbeidstid
- høve til å arbeide på heimekontor (etter nærare avtale)
- høve til å trene i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna som rådgivar i stillingskode 1434, kr 548 600–635 400 (lønnstrinn 56–65), eller seniorrådgivar i stillingskode 1364, kr 604 900–692 400 (lønnstrinn 62–70), alt etter kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi kan utføre samfunnsoppdraget vårt på ein god måte. Difor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling). Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidstid.
Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentlege sjølv om søkjarane har bede om å ikkje bli førte opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
For å sikre ei grundig og rettferdig vurdering av kandidatane nyttar vi den arbeidspsykologiske testen People Test Person (PTP) i rekrutteringsprosessen. Testen vil bli gjennomført av ein ekstern samarbeidspartnar og vil berre bli brukt på kandidatar som går vidare frå førstegongsintervjuet.
Nærmare opplysningar om stillinga får du av avdelingsdirektør Margrethe Kvarenes på telefon 94 89 47 89.
Om arbeidsgiveren
Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Språkrådet arbeider med å styrkje det norske språket og språkmangfaldet i Noreg og har ansvar for å følgje opp språka norsk (nynorsk og bokmål), norsk teiknspråk, kvensk, romanes og romani
- Sektor: Offentlig
- Sted: Observatoriegata 1 B, 0254 Oslo
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Offentlig forvaltning, Skole, Språk, Utdanning, Nynorsk
- FINN-kode 363141859
- Sist endret