Byggje- og prosjektleiar
ØyVAR AS
- Frist 11.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein driftig og initiativrik byggje- og prosjektleiar
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytt til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar i VAR-sektoren. Øyvar har ei rekkje nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast, og vi ønskjer å styrke utbyggingsavdelinga med ein driftig medarbeidar. Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe i eit triveleg og hektisk miljø. Den vi søkjer, liker å ta initiativ og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. Er du ansvarleg, imøtekommande og modig? Då er denne stillinga kanskje noko for deg. Stillinga er 100 % fast.
Arbeidsoppgåver:
· Ansvar for å følgje opp entreprenørar i byggjeprosjekt
· Oppfølging av HMS, økonomi, framdrift og teknisk kvalitet
· Gjennomføre forhandlingar og inngå grunnavtaler med grunneigarar
· Utarbeide tilbodsgrunnlag og gjennomføre innkjøp/forhandlingar med leverandørar
· Bistå med byggherrekompetanse i plan- og prosjekteringsfaser i nye utbyggingsprosjekt
Kvalifikasjonar:
• Fagskuleingeniør eller ingeniør innan bygg- og anlegg
· Fordel med fagbrev eller praktisk erfaring frå byggjebransjen
· God kjennskap til entreprisestandardar og byggherreforskrifta
· Relevant erfaring. Erfaring frå byggjeleiing eller frå entreprenørbransjen vil vektleggast
· Gode digitale ferdigheiter, Microsoft Office og MS project
· Førarkort klasse B
Eigenskapar:
· Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med ulike typar menneske.
· Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
· Du er nøyaktig og oppteken av å levere god kvalitet.
· Du er ein person som tek ansvar, er løysningsorientert og viser initiativ.
· Du er sjølvgåande, strukturert og er i stand til å halde fokus i hektiske periodar.
Vi tilbyr:
• fagleg og personleg utvikling
• ein variert arbeidsdag med gode kollegaer og interessante oppgåver
• løn etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar og tidlegare praksis
• gode pensjons- og forsikringsordningar
• fleksitidsordning
• trening i arbeidstida
Om arbeidsgiveren
ØyVAR AS er den fremste næringsmiddel- og miljøbedrifta i Øygarden kommune. 59 tilsette sørgjer for å levere drikkevatn av svært god kvalitet, og dei tek hand om avløpsvatnet og reinsar dette. Vi sørgjer dessutan for tømming av private slamavskiljarar og samlar inn og legg til rette for gjenbruk av avfall.
Vi byggjer ut nye anlegg for vassforsyning og avløpshandtering. Heile aktiviteten blir finansiert gjennom vass-, avløps- og renovasjonsgebyra.
ØyVAR ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lonavegen 20, 5353 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg, VVS, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Håndverker / Bygg/Anleggsleder, Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk, Innkjøp/forhandling
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektledelse, teknisk prosjektledelse, anbudsprosesser, kontraktsarbeid, kontraktsoppfølging
- FINN-kode 363152489
- Sist endret