Rådgjevar - eigedomsskatt
Alver kommune
- Frist 19.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Nyoppretta og spanande stilling ledig
Rådgjevar - eigedomsskatt
Om økonomiavdelinga
Økonomiavdelinga vil frå hausten 2024 bestå av rekneskap, innkjøp, controlling og eigedomsskattekontoret, og vil til saman ha om lag 12 årsverk. Vi er lokalisert i trivelege kontorlokale sentralt i Knarvik.
Vi treng no ein ny medarbeidar til nyoppretta stilling som rådgjevar-eigedomsskatt ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Rådgjevaren vil få ein allsidig stilling med varierande oppgåver:
- Oppfølging/etablering av regelverk, rutinar og prosedyrar innan eigedomsskatt.
- Kommunisere med og formidle informasjon til kommunen sine næringsdrivande om eigedomsskatteordninga.
- Utfaktuerering av eigedomsskatt.
- Sakshandsaming i eigedomsskattesaker (m.a. ansvarleg for all sakshandsaming i eigedomsskattenemda) og eventuell klagebehandling.
- Systemansvar for datasystem knytt til eigedomsskatt
- Oppfølging av konsulentar som gjennomfører taksering av eigedommar på kommunen sine vegne.
- I periodar der det er mindre å gjere i oppfølging av eigedomsskattesaker vil stillinga få tildelt andre oppgåver innan økonomi/rekneskap/controlling.
Kompetanse
Til denne stillinga ønskjer vi ein person med økonomisk/administrativ utdanning på høgskulenivå og erfaring med offentleg sakshandsaming. God og brei erfaring innan økonomirapportering, rekneskap og offentleg sakshandsaming vil kunne kompensere for eventuell manglande formell høgskuleutdanning.
Den som vert tilsett må ha gode datakunnskapar og vere trygg i bruken av ulike digitale verktøy. Det er viktig å ha god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. Dersom ein har økonomibakgrunn kombinert med byggteknisk kompetanse vil dette vere ei føremon i samarbeidet med konsulentar som vert nytta i takseringsarbeidet.
Personlege eigenskapar som blir verdsett:
- Du er sjølvstendig, men trivs med samarbeid i eit kollegium.
- Du er strukturert, systematisk, nøyaktig og faktasøkande.
- Du er ansvarsbevisst og serviceinnstilt, og taklar litt hektiske periodar innimellom.
- Du er positiv, har godt humør og er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Godt og støttande arbeidsfellesskap med høg kompetanse.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Lønn etter avtale og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.
Om arbeidsgiveren
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 363259372
- Sist endret