![Temp-Tea logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/09/1/360/573/521_29da0f71-bd28-4b9a-a3ec-2f96344e4711.png)
Beredsskapssjef
Øygarden kommune Øygarden kommune
- Frist 15.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Organisasjon og samfunnssikkerheit
Vil du vera ein pådrivar for å skape eit trygt øygardssamfunn? Er du ein god relasjonsskapar som får med deg andre og arbeider godt under press? Har du i tillegg høgare utdanning, leiarerfaring, organisasjonsforståing og erfaring frå strategiarbeid? Då kan du vera den vi leitar etter.
Øygarden kommune har som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Våre ambisjonar er å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet i tenestene. Øygarden kommune skal vere ein trygg og god stad å bu og arbeide.
Beredskapssjefen vil ha ei sentral rolle i utviklinga av øygardssamfunnet. Du vil gjennom leiing, strategi, samarbeidsforum og planarbeid bidra til at Øygarden er godt rusta for kriser og uventa hendingar. Beredskapssjefen vil ha eit spennande og tett samarbeid med menneske på tvers av avdelingar i organisasjonen, næringsliv og eksterne aktørar. Dette bidrar til tryggleik og kvalitet i tenestene vi leverer til innbyggjarane.
Beredskapssjefen er ein del av den strategiske leiargruppa til kommunedirektøren. Du inngår i leiarteamet til kommunalsjef for organisasjon og samfunnsikkerheit, men rapporterer fagleg direkte til kommunedirektøren. Beredskapssjefen vil ha eit sjølvstendig ansvar for eige arbeidsområde.
Ansvarsområde:
- Leia og vera ein pådrivar for beredskapsarbeidet i Øygarden
- Ansvar for å førebyggja, førebu og handtera kriser når dei oppstår
- Overordna ansvar for det strategiske beredskapsarbeidet
- Overordna ansvar for beredskapsvakt-teamet, og deltaking i dette
- Leia og leggja til rette for samarbeidsarenaer internt i organisasjonen og med eksterne partar
- Rådgjeving og opplæring av organisasjonen
- Systematisk oppfølging av rutinar og planar
- Teknisk samfunnsikkerheit
Vi ser etter deg som har:
- Relevant utdanning på masternivå, for eksempel master i samfunnssikkerheit, men lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
- Erfaring frå komplekse organisasjonar
Vi ønskjer også at du har:
- Leiarerfaring
- Erfaring med kommunale/offentlege prosessar
- Erfaring med strategiarbeid
- Erfaring med systematisk sikkerheitsarbeid
- Erfaring med krisehandtering
- Organisatorisk forståing
- Fordel med erfaring med Rayvn
Som person har du:
- Gode relasjonelle evner
- Gode munnlege- og skriftelege kommunikasjonsevner
- Evne til å handtera uventa hendingar/kriser
- Evne til å arbeida under press
- Svært gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeida systematisk og sjølvstendig, samtidig som du trivst med mange «ballar i lufta»
- Evne til å analysera og løysa komplekse utfordringer
Vi tilbyr:
Ei spennande og meiningsfull rolle med god mogelegheit for å påverka utviklinga av ein kommune med stort potensiale. Du vil ha ein variert arbeidskvardag med god mogelegheit for profesjonell utvikling og sjølvstende, saman med eit kompetent miljø innan ulike fagområde både innanom og utanom kommunen.
Vi har i tillegg gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftsavtale med Aktiv365 og tilbod om heimekontor. Løn blir vi einige om etter avtale.
Kontakt
Synest du dette er interessant eller har spørsmål, ta gjerne kontakt med:
Anne-Merete Vabø Haugane, kommunalsjef for organisasjon og samfunnsikkerheit
Tlf: 400 85 496
Benedicte Sletten Larsen, rådgjevar, HR og kompetanse
Mobil: 415 53 016
E-post:
Etter søknadsfrist, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Etter søknad kan det vurderast unntak frå å stå på offisiell søkjarliste.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Foldnesvegen 2, 5354 Straume
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Sikkerhet
Nøkkelord
samfunnssikkerhet, master, beredskap
- FINN-kode 363620734
- Sist endret
Lignende annonser
![Temp-Tea logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/09/1/360/573/521_29da0f71-bd28-4b9a-a3ec-2f96344e4711.png)
![Øygarden kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/9/359/860/849_50ed8c30-1366-4259-80c4-19ac0bf44512.png)
![KIWI 816 Ågotnes logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/37451304/iad_573601655058443411900-kiwi-minipris-logo_mediumlarge.png)
![FRANZEFOSS AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/13/2/361/043/822_6052e8bc-abd2-405f-b968-501e0456a7e3.jpg)
![Øygarden kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/6/359/860/856_afe6192e-50d3-4b10-ae6d-16f40559db16.png)
![ØyVAR AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/17/7/357/601/807_6f017501-b5fb-47af-a167-a416f50e9fbc.png)
![Jernia logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/2/360/688/142_adf31bb9-9e7d-421d-a30e-beff9d350d45.jpg)
![Bergen Rustfri Industri AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/6/359/707/856_f9d58394-eeab-43de-899f-4245cc534067.jpg)
![Trigger Jobb logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/9/359/588/489_c6719fbb-d4e0-4a5d-afc2-865f916b344e.jpg)
![Coast Center Base AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/8/360/949/518_60cdc223-5275-4bb1-b496-6f64b8ac12f6.jpg)
![Enhanced Drilling logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2022/12/vertical-0/23/8/285/341/568_1315038487.jpg)