Lærar / Lærer
Bergen kommune
- Frist 22.8.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar / Lærer
Ådnamarka skule er ein barneskule i Arna bydel med ca 330 elevar. Vi har ledig eit 100% årsvikariat som kontaktlærar på 5.trinn for skuleåret 2024-25. Oppstart snarast.
Ådnamarka skule er opptatt av å ivareta heile mennesket. Skulen har fleksible areal, og vi er opptatt av å byggje ein inkluderande skule der læringsarbeidet i vert organisert i tema. Elevane skal møte ei tilpassa undervisning som tek i vare fagleg og sosial progresjon. Vi legg til rette for eit støttande læringsmiljø som fremjar kreative, kritiske og robuste elevar. Skulen er også oppteken av ei kulturell og praktisk tilnærming til læring. Forutan dei kommunale satsingsområda lesing, rekning og kommunikasjon, er PALS og elevmedverknad prioritert utviklingsarbeid på skulen. Skulen er i gong med eit samarbeid med Høgskulen på Vestland der vi skal bli endå betre på å leggje til rette for elevar med stort læringspotensial.
Arbeidsoppgaver
Kontaktlærar 5.trinn
Trygg, varm og tydeleg klasseleiing.
Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen.
Kontaktlæraransvar og spesialpedagogisk arbeid kan bli aktuelt.
Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som bygger fagleg og sosial kompetanse.
Samarbeid med foreldre, kollegaer og interne/ eksterne samarbeidspartnarar.
Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap.
Undervisning i fleksible areal i samarbeid med trinnteamet.
Kvalifikasjoner
Godkjent pedagogisk lærarutdanning for grunnskulen.
Erfaring frå arbeid i fleksible areal er ein fordel.
God kompetanse innan klasse- og læringsleiing.
Gode digitale dugleikar.
Gjerne erfaring frå arbeid med PALS.
Personlige egenskaper
Du er ein tydeleg, robust og varm lærar.Du har god relasjons- og kommunikasjonskompetanse og evne til å motivere.
Du er endringsvillig og utviklingsorientert, og synes det er spennande å organisere undervisninga i fleksible areal.
Du er fleksibel, er strukturert, har gode samarbeidsevner og har god arbeidskapasitet.
Du har eit sterkt pedagogisk engasjement der elevane si læring og trivsel er i fokus.
Du kan reflektere over praksisen din, vala du tek, og diskutere dei med andre.
Du bidreg til å skape eit godt lærings – og arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Ein inkluderande arbeidsplass med rause kollegaer og mykje arbeidsglede.Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling.
Bergen kommune, ein engasjert og profesjonell arbeidsgivar. Kommunen er ein IA-bedrift.
Lønn etter gjeldande avtaleverk.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5262 Arnatveit
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kontaktlærer, Lærer, Mellomtrinn, Undervisning
- FINN-kode 363717452
- Sist endret