Sjukepleiar på natt
Samnanger kommune
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer
Sjukepleiar på natt
Om stillinga
78 % fast stilling som sjukepleiar på natt, med arbeid kvar tredje helg. Du vil ha hovedansvaret for avdelingane på nattestid når du er på jobb, og du vil jobbe tett med helsefagarbeidar. Du vil vera stasjonert inne på Samnangerheimen, men vil i tillegg ha sjukepleiaransvar for pasientane i heimetenesta og på Skottebakken bufellesskap.
Arbeidsoppgåver
- Delta i direkte tenesteyting mot pasientar
- Yte personleg bistand, pleie og behandling
- Delta i team rundt pasientane og bidra med fagleg kompetanse
- Bidra til trygg medikamenthandtering
- Delta i gjeremål i eininga
- Medansvar for at oppgåver blir utført og løyst på ein god måte
- Handtering av medisinteknisk utstyr
- Bruka velferdsteknologi
- Laboratoriearbeid
- Delta i forbetringsarbeid, pasientsikkerheitsarbeid og fagutvikling
- Rettleiing (pårørande, kollegaer, elevar, studentar og lærlingar)
- Medverka til fullt forsvarleg, helsefremjande og inkluderande arbeidsmiljø
- Utføra oppgåvene etter visjon, verdiar og målsetjiga for eininga
- Andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
Krav
- Autorisert sjukepleiar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Beherske PC og bruk av elektroniske arbeidsverktøy. Me brukar elektronisk pasientjournalsystem Profil
- Du må ha førarkort
- Du må kunna legga fram politiattest
Personlege eigenskapar
- Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
- Evna til å gjera sjølvstendige vurderingar og ta eigne faglege avgjerdsler
- Ryddig og nøyaktig for å sikra dokumentasjon og oppfølging
- Ansvarsbevisst med høgt nærvær
- Løysingsorientert, positiv og lojal
- Sjølvstendig, engasjert, tar initiativ og ansvar
- Evna til å skapa gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Utviklingsorientert
- Initiativrik og engasjert
- Målretta og strukturert
- Arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Trivast med høgt tempo
- Egnetheit for stillinga vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ekstra tillegg på natt
- Faste nattevaktsmøter med einingsleiar
- Moglegheit for kurs og fagleg påfyll
- Årsturnus med moglegheit for å påvirke eigen ferie og fritid
- Høve til å avtale endra stillingstorleik
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Samnangerheimen og heimetenesta har integrerte tenester og ein jobbar både inne på Samnangerheimen og ute i heimetenesta. Ikkje berre får tilsette ulike arbeidsoppgåver og får avveksling i arbeidsdagen, men pasientane får tryggleik i å kjenna tilsette, uavhengig om dei er i egen heim eller kjem inn på Samnangerheimen.
Samnangerheimen er ein flott sjukeheim med 25 plassar og ligg i fine omgivelsa på Haga med utsikt utover Samnangerfjorden. Målsetjinga vår er at Samnangerheimen skal vera ei plass der det er godt å bu og saman jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
I tillegg til langtidsplassar har Samnangerheimen som oppgåve å ta imot utskrivingsklare pasientar til korttidsopphald, rehabilitering, avlasting og palliativ pleie. Samnangerheimen har god fagdekning og høg kompetanse. Har eige produksjonskjøkken og me har stor fokus på det gode måltid og ernæring.
Om arbeidsgiveren
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyssevegen 97, 5650 Tysse
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- FINN-kode 363754284
- Sist endret
Lignende annonser
![Osterøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/06/1/361/802/691_45b945e9-e297-4657-8259-4b74ba7723eb.png)
Sjukepleiar i Heimetenesta
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
![Osterøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/06/6/361/733/276_05ece179-eb59-4c8f-aec7-9b54d2fcc0fb.png)
Me søkjer sjukepleiar i 100% fast stilling i sjukepleiarteam med langvakter
Osterøy kommune
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Osterøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/06/6/364/352/916_b8f593ce-e535-4908-995a-533a84f65975.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Osterøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/06/5/360/561/625_6f7969fa-2247-48c2-a4fa-19663d52ed6c.png)
Me søkjer fagrådgjevar for Bu-og avlastingstenesta i Osterøy kommune
Osterøy kommune
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)