Vakande nattevakt på Skottabakken bufellesskap
Samnanger kommune
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer
Vakande nattevakt på Skottabakken bufellesskap
Om stillinga
Fast 72 % stilling som vakande nattevakt med ansvar for bebuarane på Skottabakken bufellesskap. Me søkjer fortrinnsvis etter sjukepleiar eller vernepleiar, men personar med relevant helsefagutdanning kan søkja og eventuelt bli aktuell. Erfaring frå arbeid med brukargruppa er ønskeleg. Arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Bistå og rettleia brukarar ved behov
- Delta i direkte tenesteyting mot brukarane
- Oppfølging av vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- Sikra brukarane ein god heim med tenester i samsvar med deira behov og ønskjer
- Bidra med utarbeiding av prosedyrar og andre administrative- og brukarretta oppgåver
- Utføra oppgåver etter visjon, verdiar og målsetjing for tenesta
- Bidra til trygg medikamenthandtering
- Andre oppgåver delegert frå leiar
Kvalifikasjonar
Krav
- Autorisert sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Beherske PC og bruk av elektroniske arbeidsverktøy. Me brukar elektronisk pasientjournalsystem Profil
- Du må ha førarkort
- Du må kunna legga fram politiattest
Personlege eigenskapar
- Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
- Evna til å gjera sjølvstendige vurderingar og ta eigne faglege avgjerdsler
- Ryddig og nøyaktig for å sikra dokumentasjon og oppfølging
- Ansvarsbevisst med høgt nærvær
- Løysingsorientert, positiv og lojal
- Sjølvstendig, engasjert, tar initiativ og ansvar
- Evna til å skapa gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Utviklingsorientert, initiativrik og engasjert
- Målretta og strukturert Arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Trivast med høgt tempo
- Egnetheit for stillinga vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ekstra tillegg på natt
- Faste nattevaktsmøter med einingsleiar
- Moglegheit for kurs og fagleg påfyll
- Årsturnus med moglegheit for å påvirke eigen ferie og fritid
- Høve til å avtale endra stillingstorleik
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Skottabakken stod ny i 2020 og ligg i gangavstand til Bjørheim senter.
Skottabakken består av 10 leilegheiter, samt ein avlastar leilegheit. Bufellesskapet har bebuarar med utviklingshemming, ulike funksjonsnedsettingar med behov for pleie og omsorg, og tilrettelagt bu- eller aktivitetstilbod.
På Skottabakken er det lagt stor vekt på at brukarane får eit godt butilbod, aktivitet og eit godt helsetilbod. Tilsette er genuint opptatt av å skapa tryggleik og trivsel og jobbar tett med eigen bebuarane si eiga meistring. Stabil faggruppe med høg kompetanse.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Reistadliane 17, 5652 Årland
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode 363754542
- Sist endret