Seksjonsleiar a-krim sør-vest
Arbeidstilsynet
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar a-krim sør-vest
Har du lyst til å bidra i Arbeidstilsynet sin innsats mot arbeidslivskriminalitet og useriøsitet i arbeidslivet?
Å sikre at arbeidstakarar i Noreg har gode og seriøse arbeidsforhold, og at useriøsitet og arbeidslivskriminalitet ikkje bidrar til ei konkurransevriding der useriøse verksemder får kontraktar på kostnad av seriøse verksemder, er ei svært viktig oppgåve. Useriøsitet og arbeidslivskriminalitet har alvorlege konsekvensar for arbeidstakarar, verksemder og heile samfunnet. Arbeidstilsynet samarbeider tett med fleire myndigheiter for å sikre at Noreg har eit godt og seriøst arbeidsliv.
Som seksjonsleiar får du eit spennande fagfelt, og du vil bidra til å motverke dei kriminelle og useriøse aktørane i arbeidslivet saman med kollegaene dine.
Seksjon arbeidslivskriminalitet sør-vest, som du skal leie, har i dag 17 medarbeidarar. Dei tilsette er lokaliserte på kontor i Stavanger og Haugesund.
Kontorstad for seksjonsleiaren er Stavanger. Seksjonsleiaren har personalansvar for alle tilsette i seksjonen. I Stavanger har seksjonen òg ansvar for Arbeidstilsynet sitt bidrag i SUA (Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar). Som seksjonsleiar blir du ein del av leiarteamet ved avdelinga. Teamet består av direktøren og seksjonsleiarar.
Avdeling arbeidslivskriminalitet har 120 dyktige medarbeidarar. Avdelinga har ansvar for å koordinere, styrke og bidra i Arbeidstilsynet sin innsats mot arbeidslivskriminalitet, i tråd med handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. I tillegg driv avdelinga mellom anna tilsynsaktivitet retta mot useriøsitet i arbeidslivet.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, ulik livserfaring, ulik bakgrunn, ulike fagkombinasjonar og ulike perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss i betre stand til å løyse oppgåvene. Vi legg arbeidsplassen til rette dersom du har behov for det. Du må rekne med noko reiseaktivitet.
Som seksjonsleiar vil du jobbe med
- personal- og resultatansvar for seksjonen
- å planlegge og følge opp at tilsyn og annan utoverretta aktivitet skjer i samsvar med fastsette føringar, med høg fagleg kvalitet og på ein einskapleg måte
- å sikre høg produksjon og måloppnåing for aktivitetane, mellom anna god oppfølging av tips og meldingar
- anna lokalt samarbeid med andre myndigheiter og partane i arbeidslivet
- å delta i lokal koordineringsgruppe for a-krim-senteret i Stavanger, og sitte i SUA-leiargruppe
- å utøve god personalleiing, sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og kompetanseutvikling for medarbeidarane
- å handtere media
Kven ser vi etter?
Du må ha
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
- kunnskap om arbeidslivskriminalitet
- leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd
- erfaring frå å vise retning og få med deg dine tilsette
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå HMS-arbeid
- erfaring frå offentleg forvaltning
- erfaring frå kontroll- eller tilsynsverksemd
- erfaring frå partssamarbeid
- erfaring med mediehandtering
Vi ønsker óg at du
- er inkluderande og dyktig til å skape samarbeid og engasjement
- er strategisk, operativ, resultatorientert og i stand til å ta avgjerder
- er strukturert og planleggande
- er nytenkande og open for nye erfaringar
- har gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg
Det er fleire gode grunnar til å jobbe hos oss
Hos oss får du:
-stilling og lønn som seksjonsleiar, stillingskode 1211 i Statens lønnsregulativ (Lønnsutbetaling for stillinga ligg i spennet 870 000–980 000.
Lønnsfastsetting etter avtale og vurdering av kvalifikasjonar.)
- spennande og meiningsfulle oppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- gode moglegheiter til å forme og påverke eigen arbeidskvardag
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med stor takhøgde og engasjerte kollegaer
- føreseieleg og fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- moglegheit for delvis heimekontorløysing
- gunstige pensjonsordningar og moglegheiter for lån gjennom Statens pensjonskasse.
Her kan du lese meir om kva vi tilbyr: https://www.arbeidstilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/hva-tilbyr-vi-vare- ansatte/
Viktig å vite før du søker
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller andre økonomiske interesser som er underlagde tilsyn frå Arbeidstilsynet. Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må du grunngi i søknaden. Vi kontaktar deg dersom du ikkje får innvilga unntak.
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søker stillinga.
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Om arbeidsgiveren
Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!
Arbeidstilsynet kontrollerer at arbeidsmiljølova blir følgd og gir rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan medverka til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med arbeidsplassar over heile landet, og vi gir råd og informasjon om arbeidsmiljø på telefon, chat, e-post og på Facebook. Etaten har 750 tilsette, og er underlagd Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien 44, 4017 Stavanger
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Ledelse, HMS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
A-krim, HMS, Ledelse, Arbeidslivskriminalitet, Kontroll
- FINN-kode 364244663
- Sist endret