![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/2/vertical-5/22/b/02c/e06/b0-/d16/6-1/1ee/-98/75-/f30/efc/15a/5bb_1908429985.jpg)
Saksbehandlar grunnforureining
Miljødirektoratet
- Frist 01.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å sikre berekraftige løysingar for deponi?
Saksbehandlar grunnforureining
Om stillinga
Har du kunnskap om og erfaring frå arbeid med deponi og regulering av desse? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Om du i tillegg har kompetanse innan grunnforureining og/eller avfall er det flotte.
Vi har ledig ei fast stilling som saksbehandlar hos oss. Her vil du få høve til å bruke fagkompetansen din på utfordrande oppgåver i samarbeid med svært kompetente medarbeidarar. Direktoratet har eit stort fagmiljø som mellom anna dekkjer heile forureiningsfeltet.
Seksjon for avfall og grunnforureining er ein av åtte seksjonar i avfall-, kjemikalie- og tilsynsavdelinga. Vi jobbar mellom anna med deponi, jordhelse, grunnforureining og massehandtering.
Seksjonen samarbeider tett med andre einingar i Miljødirektoratet, og har i tillegg omfattande kontakt med andre statlege etatar, statsforvaltaren, kommunar og næringsliv. Seksjonen har i dag 17 engasjerte medarbeidarar, og har arbeidsstad sentralt plassert på Helsfyr i Oslo.
Hovudansvarsområde
- følgje opp nasjonal politikk innan deponi, avfall og grunnforureining
- følgje utviklinga av og gjennomføre EU/EØS-regelverk
- svare ut oppdrag og førespurnader frå KLD og gi faglege innspel til politikkutvikling
- bidra inn i arbeid med tiltaks- og verkemiddelvurderingar
- ansvar for konsulentoppdrag/kontraktar på sine fagfelt
- rettleie og bidra til styring av statsforvaltarane
- saksbehandling, under dette behandle klagesaker
- hjelp til med svar på førespurnader frå media
Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn
Kvalifikasjonar
- Master innan tekniske fag, ingeniørfag, naturvitskap eller andre relevante fagområde. Relevant utdanning på bachelornivå med erfaring kan kompensere for kravet om masterutdanning.
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gode engelskkunnskapar
Deit ønskjeleg at du har:
- relevant erfaring, fortrinnsvis frå arbeid med deponi, avfall og grunnforureining
- erfaring frå offentleg forvaltning
- kunnskap om relevant lovverk, spesielt forureiningslova, avfallsforskrifta og forureiningsforskrifta
Eigenskapar
- du har god rolleforståing og trivst med styresmaktsutøving
- du leverer gode resultat til rett tid
- du er sjølvstendig, men samarbeider også godt med andre
- du har stor arbeidskapasitet og trivst med ein hektisk kvardag
- du tenkjer heilskap og ser dei store linjene
Kvifor skal du velje oss?
Vil du vere med å løyse vår tids største klima og miljø utfordringar? Då vil du nok trivast hos oss! Vi tilbyr ein meiningsfull jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss vil du få høve til å vekse og utvikle deg, både fagleg og personleg.
Er du oppteken av fleksibilitet i kvardagen? Vi gir deg moglegheit for avtale om heimekontor inntil to dagar i veka om arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere. I tillegg har vi fleksitid, betalt overtid og sommartid. Du blir også medlem av Statens pensjonskasse, med gode pensjonsordningar og bustadlån med gunstige vilkår.
Miljødirektoratet held til i attraktive lokale ved kollektivknutepunktet på Helsfyr. Her har vi bl.a. kantine med høg kvalitet, treningsrom og sykkel- og bilgarasje. Dei tilsette har eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar og moglegheit for trening i arbeidstida.
Du blir tilsett i fast stilling med lønn som rådgivar eller seniorrådgivar frå kr. 548 600 til kr. 821 100 etter erfaring og kvalifikasjonar. Om du er spesielt kvalifisert, kan vi vurdere deg noko høgare.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grensesvingen 7, 0661 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Saksbehandler, Biolog
- FINN-kode 364431351
- Sist endret
Lignende annonser
Vil du utvikle morgendagens miljøstandarder for en grønnere fremtid?
Miljødirektoratet
![FRANZEFOSS AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/0/359/422/450_6a21e22c-42dd-40f7-ab32-9041a9e584a4.jpg)
![AFRY logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/23/0/362/348/140_b171103e-6ea1-4d44-92bb-0751bb45d3d2.jpg)
![Sweco Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/496195526/iad_7916438447428377609sweco.png)
![Sweco logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/496195526/iad_7916438447428377609sweco.png)